Historisk arkiv

Betre vegskilting for bygdeturisme og sal av gardsprodukt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Utvikling av nye tilbod innanfor bygdeturisme og sal av gardsprodukt, er med på styrkje busetnaden og mangfaldet i bygde-Noreg, seier samferdselsminister Torild Skogsholm og landbruks- og matminister Lars Sponheim. (04.08.04)

Pressemelding

Nr.: 91/04
Dato: 04.08.04

Betre vegskilting for bygdeturisme og sal av gardsprodukt

Frå og med neste sommar blir det innført ei ny ordning med eigne vegskilt som opplyser om og viser veg til teneste- og varetilbod som gjeld bygdeturisme og sal av gardsmat og andre gardsprodukt.

Dette opplyste samferdselsminister Torild Skogsholm og landbruks- og matminister Lars Sponheim i dag, ved eit pressetreff i Tørvikbygd i Kvam herad i Hordaland.

- Utvikling av nye tilbod innanfor bygdeturisme og sal av gardsprodukt, er med på styrkje busetnaden og mangfaldet i bygde-Noreg. Vi ønskjer med dette å leggje forholda betre til rette for dei som gjer nye gardsprodukt og tenester til ein leveveg, og vi vil gjere det lettare for dei vegfarande å finne fram til slike tilbod, seier samferdselsminister Torild Skogsholm og landbruks- og matminister Lars Sponheim.

Innføringa av eigne vegskilt for tilbod om bygdeturisme og sal av gardsprodukt vil skje i samband med at Samferdselsdepartementet i haust skal fastsetje nye skiltforskrifter, med heimel i vegtrafikklova.

Den nye ordninga byggjer på drøftingar og samarbeid mellom Statens vegvesen, Samferdselsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og organisasjonar innanfor landbruk og bygdeturisme. Desse partane skal no samarbeide vidare om den endelege utforminga av skilt og regelverk.

Målet er å få til ei skiltordning med ein felles logo og med eit regelverk som sikrar god informasjon til dei vegfarande, samtidig som skiltinga skjer på ein måte som tar vare på trafikktryggleiken, seier samferdselsminister Torild Skogsholm og landbruks- og matminister Lars Sponheim.

Til redaksjonen

Opplysningar om bygdeturisme og sal av gardsmat finn du på nettsidene til Landbruks- og matdepartementet www.odin.dep.no/ld