Historisk arkiv

Flyruter i Finnmark og Nord-Troms: Widerøe tildelt kontraktar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag tildelt Widerøe kontraktar for drift av flyruter i Finnmark og Nord-Troms for perioden 7. juli 2004 – 31. mars 2007 (05.03.04)

Pressemelding

Nr.: 20/04
Dato: 05.03.04

Flyruter i Finnmark og Nord-Troms: Widerøe tildelt kontraktar

Samferdselsdepartementet har i dag tildelt Widerøe kontraktar for drift av flyruter i Finnmark og Nord-Troms for perioden 7. juli 2004 – 31. mars 2007.

Anbodskontraktane omfattar "ruteområde 1" (ruter mellom Kirkenes, Vadsø, Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest og Alta, i tillegg til Vardø - Kirkenes) og "ruteområde 2" (Hasvik - Tromsø, Hasvik - Hammerfest, Sørkjosen - Tromsø).

Widerøe flyr i dag på rutestrekningane i Finnmark og Nord-Troms, men varsla i juli i fjor at selskapet ville innstille drifta med verknad frå 7. juli 2004. Samferdselsdepartementet utlyste difor i desember i fjor ein anbodskonkurranse for drift av desse flyrutene.

Tildelinga av nye kontraktar er skjedd etter ein anbodskonkurranse der det kom inn anbod frå tre selskap. Widerøe hadde det lågaste kravet om godtgjersle frå staten og blir tildelt nye kontraktar for rutedrift på strekningane.

Widerøe oppfyller også dei krava som er fastsatte når det gjeld blant anna billettprisar, setekapasitet og krav om kor mange flygningar det skal vere per dag eller per veke på dei aktuelle strekningane.

Selskapet skal etter kontraktane ha ei samla godtgjersle frå staten på om lag 246 millionar kroner for heile kontraktperioden.



For meir informasjon – sjå:

Pressemelding av 4. desember. "Anbod for drift av flyruter i Finnmark og Nord-Troms" med lenke til anbodsinvitasjon på norsk og engelsk

Pressemelding av 7. februar 2004: "Tre flyselskaper ønsker å drive flyruter i Finnmark og Nord-Troms"