Historisk arkiv

Nasjonal transportplan 2006-2015: Auka innsats for rassikring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 27/04
Dato: 12.03.04

Nasjonal transportplan 2006-2015: Auka innsats for rassikring

Regjeringa går inn for at det i perioden 2006-2015 skal brukast om lag to milliardar kroner til særskilte tiltak som sikrar mot ras på vegane. Midlane kan nyttast både på riks- og fylkesvegar. I tillegg vil det innanfor den ordinære ramma for riksveginvesteringar bli gjennomført ei rekkje utbyggingsprosjekt som mellom anna vil gi vesentleg betre rassikring på fleire utsette strekningar.

Dette går fram av stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2006-2015.

- Rassikring er viktig for å få bort noko av den uvissa og uroa som mange opplever fordi til dømes skoletransport dagleg må passere rasutsette strekningar. Ras og rasfare fører også til dårlegare og meir upåliteleg transport for næringslivet i distrikta. Rassikring er difor mange stader avgjerande for at folk og næringsliv skal ha eit trygt og tenleg transporttilbod, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

I fylke med rasutsette strekningar er det stort lokalt engasjement for å få sikra desse strekningane. Samferdselsdepartementet legg til grunn at fylkeskommunane følgjer opp dette lokale engasjementet og at dei i sine handlingsprogram prioriterer tiltak som er med på å sikre rasutsatte vegstrekningar. Dette vil, saman med regjeringa sin satsing på om lag to milliardar kroner, gje rom for styrka rassikring av vegane i planperioden.