Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2005: Vegføremål: 13,1 milliarder kroner i statlege løyvingar, vel 3 milliardar kroner i bompengemidla

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 110/04
Dato: 06.10.04

Statsbudsjettet 2005:

Vegføremål: 13,1 milliarder kroner i statlege løyvingar, vel 3 milliardar kroner i bompengemidlar

Regjeringa foreslår ei samla løyving på 13,1 milliarder kroner til vegføremål over statsbudsjettet for 2005. Dette er ein auke på 1,9 prosent, samanlikna med 2004.

I tilegg til løyvingane over statsbudsjettet kjem vel 3 milliardar kroner som bompengeselskapa vil stille til rådvelde neste år for å finansiere delar av utbygginga av riksvegnettet.

- Det er viktig å gjere trafikken tryggare på heile vegnettet. Regjeringa foreslår difor å bruke nær ein halv milliard kroner til rassikring av vegar i distrikta, samtidig som vi fører vidare den sterke satsinga over vegbudsjettet til tiltak som styrkjer trygg og miljøvennleg kollektivtransport i storbyane. Det er dessutan sett av 310 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelvegar i 2005, medrekna bompengemidlar. I tillegg kjem bygging av gang- og sykkelvegar innanfor dei ordinære riksvegløyvingane, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

- Innanfor investeringsbudsjettet prioriterer regjeringa elles rasjonell framdrift for prosjekt som alt er sette i gang, særleg utbygging som fører til tryggare trafikk og fjerning av flaskehalsar i vegnettet. Det blir dessutan rom til å setje i gang arbeid på i alt 10 nye større prosjekt på riksvegnettet, i tillegg til ei rekkje mindre, nye prosjekt, seier Skogsholm.

Den foreslåtte løyvinga på 13 114 millionar kroner til vegføremål er fordelt slik:

  • 5 968 millionar kroner til tilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet
  • 4 776,2 millionar kroner til riksveginvesteringar, medrekna rassikring
  • 76,8 millionar kroner til nokre særlege investeringspostar, fordelt med 30,7 millionar kroner til vegutbygging i Bjørvika i Oslo og 46,1 millionar kroner til vegførmål i distrikta, som kompensasjon for auka arbeidsgiveravgift.
  • 227 millionar kroner i låneløyving og opptrekksrenter til Svinesundsforbindelsen AS
  • 380,1 millionar kroner gjeld tilskott til restrukturering av Mesta AS (tidllegare produksjonsverksemda til Statens vegvesen)
  • 1 166 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester
  • 420 millionar kroner over vegbudsjettet til forsøk med alternativt forvaltningsorganisering av transportsystemet i ein del byområder og til forsøk med ein del fylkeskommunar når det gjeld oppgåvedifferensiering knytt til samferdselsområdet. Hovudføremålet med forsøka er å oppnå betre samordna areal- og transportpolitikk i byområda og betre samla offentleg ressursbruk på tvers av forvaltningsnivå for veg- og kollektivtransport.
  • 100 millionar kroner i vederlag til OPS-prosjekt, det vil seie prøveprosjekt etter modellen "Offentleg-privat samarbeid".

Trafikktilsyn, drift og vedlikehald: Nær 6 milliardar kroner

Nær 6 milliardar kroner er sett av til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet. Dette er ein auke på vel 133 millionar kroner, samanlikna med 2004.

Innanfor denne løyvinga har regjeringa særleg prioritert tiltak for å gjere vegtrafikken enda tryggare. For trafikktilsyn, det vil seie mellom anna oppgåver som blir utførte ved trafikkstasjonane og ved kontrollane som Statens vegvesen gjennomfører på vegane, vil det bli lagt særleg vekt på tiltak retta mot unge førarar og andre svært ulykkesutsette grupper. Innan drift og vedlikehald vil ein mellom anna priortere fornying av skilt langs vegane og gjennomføring av strakstiltak for å betre trafikktryggleiken.

Løyvingar til riksveginvesteringar, medrekna rassikring: 4776,2 millionar kroner

Til saman 4776,2 millionar kroner er foreslått som statlege løyvingar til riksveginvesteringar, medrekna den spesielle budsjettposten ”rassikring. Beløpet er fordelt slik:

  • 2080,8 millionar kroner til fylkesfordelt ramme. Av dette er 897,2 millionar kroner avsett til ”øvrige riksvegar”, det vil seie riksvegar utanom stamvegnettet. Resten, 1183,6 millionar kroner gjeld mindre investeringstiltak, mellom anna mindre utbetringar, bygging av gang- og sykkelvegar, særlege trafikktryggingstiltak, tiltak for kollektivtrafikken, miljø- og servicetiltak og planlegging. Midlane til ”mindre investeringstiltak” skal nyttast på både stamvegnettet og på ”øvrige riksvegar”.
  • 374,2 millionar kroner er sett av til posten "øvrige tiltak" og omfattar mellom anna oppgradering av eksisterande tunnelar og tiltak på nasjonal turistvegar.
  • 184,2 millionar kroner er oppført på den spesielle posten ”Rassikring”. I tillegg reknar ein med at det innanfor dei andre investeringspostane vil bli nytta 270 millionar kroner til utbygging som vil gi ein rassikringsgevinst. Dessutan er det rekna med å bruke omkring 40 millionar kroner i bompengemidlar til utbygging med rassikringsgevinst.

I tillegg til riksveginvesteringane over statsbudsjettet vil bompengeselskapa neste år stille til rådvelde 3 060 millionar kroner til utbygging av riksvegnettet, medrekna om lag 350 millionar kroner til investeringstiltak for kollektivtrafikken.

Regjeringa sitt forslag om å føre vidare eit høgt nivå for riksveginvesteringane gir og rom for at det i 2005 skal setjast i gang til saman ti nye, større vegprosjekt, fordelt med fem prosjekt på stamvegnettet og fem prosjekt på andre riksvegar. I tillegg blir det anleggstart for ei rekkje mindre vegprosjekt.

Det er nødvendig med ein sterk innsats for å minske dei negative miljøverknadane som vegtrafikken fører til. Regjeringa har difor – innanfor vegbudsjettet – prioritert tiltak for å oppfylle dei støykrava som følgjer av lov om forureining.

Særskilte tiltak for kollektivtransporten: 660 millionar kroner frå ”vegmidlar”

I forslaget til vegbudsjett for 2005 er det lagt opp til å bruke i alt 660 millionar kroner til særskilte tiltak for kollektivtransporten. Av dette er 310 millionar kroner statlege midlar, medan 350 millionar kroner er bompengar. Det er lagt særleg vekt på utbygging av T-banen i Oslo og auka løyvingar til tiltak som gjer det lettare å komme fram på vegane for trikk og buss. Slike tiltak fører til kortare reisetid og er med på å styrkje konkurranseevna til kollektivtransporten.

Rassikring: 490 millionar kroner

Regjeringa går inn for at det for neste år skal brukast i alt om lag 490 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på sikre mot ras på vegnettet. Av dette beløpet er 185 millionar kroner løyvingar under den særlege posten ”Rassikring”, 270 millionar kroner gjeld investeringsmidlar til andre prosjekt og tiltak med rassikringsgevinst, medan det ved hjelp av bompengar vil bli nytta om lag 35 millionar kroner til rassikring. For 2005 er det planlagt å utbetre sju rasutsette strekningar og 11 rasutsette punkt på vegnettet.

Kjøp av riksvegferjetjenester: 1 166 millionar kroner

For neste år er det gjort framlegg å løyve 1 166 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester.

For å forbetre ferjetilbodet og effektivisere ferjedrifta går Samferdselsdepartementet inn for bruk av konkurranse i samband med statleg kjøp av riksvegferjetenester. – Statens vegvesen tar difor sikte på at det neste år skal lysast ut konkurranse for drift av 10 – 15 riksvegferjesamband. Utlysinga vil omfatte enkeltsamband og grupper av samband, går det fram av forslaget til statsbudsjett.

Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift: 46,1 millionar kroner til vegføremål i distrikta

46,1 millionar kroner er foreslått til vegformål i distrikta, som kompensasjon for at enkelte næringar må betale full arbeidsavgift, same kvar arbeidstakaren bur. For neste år vil heile løyvinga bli nytta til prosjektet E12 Umskaret i Nordland.

Vegutbygging i Bjørvika i Oslo

Regjeringa gjer framlegg om at det for 2005 skal løyvast 30,7 millionar kroner over ein eigen budsjettpost for ”Vegutbygging i Bjørvika”. I tillegg er det lagt til grunn finansiering i form av bompengar frå Oslopakke 1 og tilskott frå Oslo kommune. Under føresetnad av at det skjer ei avklaring av finansieringsplanen for prosjektet, blir det lagt opp til at anleggsarbeidet kan ta til våren eller sommaren 2005, med sikte på at første etappe kan opnast for trafikk i 2010. Det vil ikkje i noko tilfelle bli anleggsstart før endeleg finansierings- og framdriftsplan er lagt fram for Stortinget, går det fram av budsjettforslaget.

Riksveginvesteringar – på stamvegnettet

I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2005 skal nyttast i alt 3298 millionar kroner til investeringar på stamvegnettet. Beløpet omfattar både statlege løyvingar og bompengemidlar, og er fordelt slik på dei enkelte stamvegstrekningane:

Forslag statsbudsjettet 2005 (mill.kr)

Bompenge-midlar i 2005 (mill.kr)

E6

Riksgrensen/Svinesund - Oslo

125

210

E6

Oslo - Trondheim

150

90

E6

Trondheim - Fauske med tilknytningar

320

E6

Fauske - Nordkjosbotn med tilknytningar

325

E6

Nordkjosbotn - Kirkenes med tilknytningar

130

E18

Riksgrensa/Ørje - Oslo

160

40

E18

Oslo - Kristiansand

300

472

E39

Kristiansand - Bergen

229

45

E39

Bergen - Ålesund (Vågsbotn - Spjelkavik)

65

E39

Ålesund - Trondheim (Kjelbotn-Klett)

45

22

E134

Drammen - Haugesund

53

32

E16

Sandvika - Bergen

25

120

E136

Dombås - Ålesund

100

Rv 2

Riksgrensen/Magnor - Kløfta med tilknytning

40

130

Rv 23

Lier - Drøbak - Vassum

70

I alt

2137

1161

”Øvrige riksvegar”: Fylkesvis fordeling av investeringar

I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2005 skal brukast i alt 4045 millionar kroner til investeringar som i all hovudsak skal nyttast på det ”øvrige riksvegnettet”, det vil seie riksvegar som ikkje inngår i stamvegnettet. Ein mindre del av midlane skal dessutan nyttast til såkalla "mindre investeringstiltak" på stamvegnettet. Beløpet omfattar både løyvingar over statsbudsjettet og bompengemidlar, og er fordelt slik på dei enkelte fylka:

Forslag statsbudsjett 2005 (mill.kr)

Bompengemidlar (mill.kr)

Østfold

94

33

Akershus

262

160

Oslo

309

510

Hedmark

81

Oppland

88

72

Buskerud

230

Vestfold

70

279

Telemark

150

54

Aust-Agder

60

91

Vest-Agder

115

47

Rogaland

96

154

Hordaland

265

204

Sogn og Fjordane

105

Møre og Romsdal

261

130

Sør-Trøndelag

99

15

Nord-Trøndelag

61

20

Nordland

153

Troms

85

16

Finnmark

76

I alt

2660

1785

For nærmare opplysningar om riksvegprosjektr - sjå:

St.prp. nr. 1 (2004-2005) Samferdselsdepartementet

Programkategori 21.30 Vegformål - Kap. 1320 Statens vegvesen

”Nærmere om investeringsprogrammet”

  • Strekningsvise investeringer på stamvegnettet, side: 100-114
  • Fylkesfordelte rammer – (gjelder kun ”Øvrige riksveger”, dvs. riksveger som ikke inngår i stamvegnettet), side: 115-125

(Sidetall viser til papirutggåva)