Samferdselsminister Torild Skogsholm til transportministermøte i Moskva
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding
Pressemelding | Dato: 20.05.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Samferdselsminister Torild Skogholm reiser mandag 23. mai til Moskva, der ho skal delta ved ministerrådsmøtet i Den europeiske transportministerkonferansen, ECMT. (20.05.05)
Pressemelding
Nr.: 64/05
Dato: 20.05.05
Samferdselsminister Torild Skogsholm til transportministermøte i Moskva
Samferdselsminister Torild Skogholm reiser mandag 23. mai til Moskva, der ho skal delta ved ministerrådsmøtet i Den europeiske transportministerkonferansen, ECMT (European Conference of Ministers of Transport). Møtet i Moskva varer til 25. mai.
Hovudtema for møtet er transportårer mellom Europa og Asia, internasjonal vegtransport, avgifter for bruk av jernbanen sin infrastruktur og vidare utvikling av ECMT.
Med i følgjet til samferdselsministeren ved møtet i Moskva, er politisk rådgjevar Sverre Molandsveen, departementsråd Per Sanderud og rådgjevar Mona S. Olivier, alle frå Samferdselsdepartementet.