Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2005: Auka løyvingar til sikringstiltak på jernbanenettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Pressemelding

Nr.: 52/05
Dato: 13.05.05

Statsbudsjettet 2005:

Auka løyvingar til sikringstiltak på jernbanenettet

Regjeringa har i statsråd i dag gjort framlegg om at løyvingane til særlege sikringstiltak på jernbanenettet skal auke med 25 millionar kroner, samanlikna med tidlegare vedtatt budsjett for 2005. Denne tilleggsløyvinga skal særleg nyttast til rassikring.

Framlegget frå regjeringa fører dermed til at det i år er avsett om lag 100 millionar kroner til ulike sikringstiltak, mellom anna rassikring, tunnelsikring og sikring og fjerning av planovergangar.

- Meir satsing på slike tiltak er med på å gjere togtrafikken enda tryggare. I tillegg vil desse tiltaka leggje til rette for større kjørefart i togtrafikken og dermed kortare reisetid, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Tilleggsløyving til omstillingstiltak

Framlegget til endringar i dei statlege løyvingane til jernbaneføremål i 2005 omfattar elles ei tilleggsløyving med 40 millionar kroner som skal nyttast til omstillingstiltak, i samband med konkurranseutsetting av produksjonsverksemda til Jernbaneverket. Det er tidlegare løyvd 35 millionar kroner til slike tiltak i 2005. Auken i løyvinga til omstillingstiltak har til dels samanheng med at det no viser seg å bli meir bruk av sluttvederlag og mindre bruk av ventelønn og førtidspensjonering, enn det som tidlegare er lagt til grunn frå Jernbaneverket. I tillegg kjem at Jernbaneverket har oppretta eit ressurssenter for å handtere omstillingsarbeidet.

”Momskompensasjon”

I framlegget til endringar i statsbudsjettet for 2005 inngår óg ein auke på i alt 200 millionar kroner til investeringar, drift og vedlikehald av linenettet til jernbanen. Denne auken har samanheng med innføringa av ordninga med meirverdiavgift for investeringar, drift og vedlikehald for infrastrukturen til jernbanen. Det ser no ut til at dei samla budsjettverknadene av denne nye ordninga blir lågare enn det som blei lagt til grunn i tidlegare vedtatt statsbudsjett for 2005. - Det er knytt ein del uvisse til dei utrekningane som ligg til grunn for omfanget av desse budsjettverknadene, går det fram av forslaget til endringar i statsbudsjettet for 2005.

For å sikre at Jernbaneverket kan oppretthalde det aktivitetsnivået som vart lagd til grunn i tidlegare vedtatt budsjett for 2005, gjer no regjeringa framlegg om ei tilleggsløyving på 200 millionar kroner over statsbudsjettet for 2005. Beløpet er fordelt med 35 millionar kroner til drift og vedlikehald av linenettet og 165 millionar kroner til investeringar i linenettet.




Til redaksjonen
For fleire opplysningar – sjå: St.prp. nr. 65 (2004-2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet, medregnet folketrygden 2005