Historisk arkiv

Posten skal fram - kvar dag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Innlegg av politisk rådgiver Alfred Bjørlo tatt inn i Troms Folkeblad og Fremover 10.03.03

Tatt inn i Troms Folkeblad og Fremover 10. mars 2003

Posten skal fram – kvar dag

Av politisk rådgiver Alfred Bjørlo

For fire år sidan var det drøyt 1.500 husstandar i Noreg som ikkje fekk posten sin utlevert seks dagar i veka – alle yrkedagar medrekna laurdag. No er dette talet nede i 1.000 – altså redusert med ein tredel på fire år. Dermed får 99,94 prosent av alle norske husstandar posten sin utlevert seks dagar i veka. På dei same åra har talet på ekspedisjonsstader auka frå 1.300 til 1.500, med til dels monaleg lenger opningstider enn tidlegare. Delen av a-post brev som kjem fram ”over natta” har på tre år auka frå 79 til 87 prosent, og framføringa går faktisk raskare i distrikta enn i Oslo-området.

Trass i dette, ønskjer Troms Folkeblad seg tilbake til dei gode gamle postdagane utan den ”forferdelege” marknadstenkinga og effektiviseringa som avisa nyleg har beklaga seg over. Det må avisa gjerne gjere, men eg vil åtvare sterkt mot å tru at det betyr betre posttenester i distrikta. Tvert imot – som tala over syner, vil det i Troms Folkeblad sitt draumeland vere færre som får posten sin på laurdagar, færre ekspedisjonsstader, kortare opningstider og treigare postgang i distrikta.

Men det er kanskje ikkje så farleg for Troms Folkeblad – så lenge ein får vere mot marknadstenking i prinsippet?

VEDLEGG