Historisk arkiv

Frå statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 11/2002
Dato: 1. februar 2002

Priv. til red.:
Frå statsministerens program


Måndag 4. februar:
Om ettermiddagen reiser statsministeren til Madrid, for samtale med statsminister José Maria Aznar på tysdagen. Følgjet bur på Hotel Villa Magna i Paseo de la Castellana 22, telefon 00 34 91 587 12 34. Pressekontakt er informasjonssjef Øivind Østang, telefon 91 34 64 70.

Tysdag 5. februar:
Kl. 09.15 vert statsministeren vist rundt i Museo del Prado i Madrid.
Kl. 10.30 gjestar statsministeren ei norsk arkitekturutstilling i Fundación Cultural (COAM), i Calle Piemonte 23 i Madrid.
Kl. 12.30 vert statsministeren teken imot av statsminister José Maria Aznar i statsministerpalasset Moncloa. Spania har dette halvåret formannskapen i EU.
Kl. 13.45 held dei to statsministrane sams pressekonferanse i Moncloa.
Kl. 14.00 gjev statsminister Aznar lunsj for den norske gjesten.
Kl.. 16.00 reiser statsministeren frå Moncloa, for å ta fatt på heimvegen til Oslo.
NB: pressefolk som tenkjer å dekke møtet i Madrid, må snarast råd melde frå til ambassaden, telefon 00 34 913 103 116 .

Onsdag 6. februar:
Kl. 11.00 opnar statsministeren nettstaden til Støttesenteret mot incest, i Oslo. Det skjer på Håndverkeren Konferansesenter, Rosenkrantz’ gate 7, i samband med eit seminar.
Kl. 19.00 deltek statsministeren under ei minnegudsteneste for Benjamin Hermansen, i Oslo domkyrkje.

Torsdag 7. februar:
Kl. 16.00 tek statsministeren imot EU-kommissær Loyola de Palacio, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere.