Priv. til red.:
Frå statsministerens program
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 125-03 | Dato: 10.09.2003 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 125/2003
Dato: 10. september 2003
Priv. til red.:
Frå statsministerens program
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og Statsrådet sitt møte på Slottet fredag kl. 11.00.
Laurdag 13. september:
Denne dagen deltek statsministeren i KrF si valkampavslutning i Akershus og Oslo. Pressekontakt er politisk rådgjevar Øistein Mjærum, telefon 95 21 48 41.
Kl. 11.30 deltek statsministeren i arrangement på Kolbotn torg.
Kl. 12.30 deltek statsministeren i arrangement på Lillestrøm torg.
Kl. 13.30 deltek statsministeren i arrangement i Sandvika storsenter.
Kl. 14.15 deltek statsministeren i arrangement ved valkampbod på Karl Johans gate i Oslo.
Sundag 14. september:
Kl. 12.30 har statsministeren kafétreff med veljarar på Spisestedet Rød i Storgata 19 i Molde. Pressekontakt er politisk rådgjevar Øistein Mjærum, telefon 95 21 48 41.
Måndag 15. september:
Kl. 10.30 gjev statsministeren si røyst i kommune- og fylkestingsvalet, på Kvam skule i Molde. Pressekontakt er statssekretær Gunnar Husan, telefon 91 12 12 16.
Frå kl. 21.00 deltek statsministeren i KrF si valvake på Royal Christiania Hotel i Oslo.
Kl. 23.30 deltek han i NRK/TV2 sin partileiardebatt, frå Stortinget.
Tysdag 16. september:
Kl. 11.00 deltek statsministeren i Kongens velkomstseremoni for Polens president, Aleksander Kwasniewski, på Slottsplassen i Oslo
Kl. 12.20 tek statsministeren imot president Kwasniewski til politisk samtale på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere.
Etter samtalen, om lag kl. 13.15, er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden.
Kl. 20.00 er statsministeren mellom gjestene i Kongens middag i høve statsgjestinga frå Polen, på Slottet i Oslo.
Onsdag 17. september:
Onsdag 17. og torsdag 18. september er statsministeren i Roma og Vatikanet (for pressedetaljar, sjå melding herifrå 3. september). Pressekontakt er statssekretær Gunnar Husan, telefon 91 12 12 16.
Om morgonen reiser statsministeren med leigefly frå Oslo til Roma.
Kl. 13.30 møter statsministeren statsminister Silvio Berlusconi til arbeidslunsj i Palazzo Chigi i Roma. Det er høve til å fotografere for norsk presse akkreditert via ambassaden i Roma.
Kl. 16.15 gjestar statsministeren Peterskyrkja i Vatikanet, der han mellom anna vil leggje krans på grava til pave Hadrian IV i krypten under kyrkja, og gjeste apostelen Peters grav. Norsk presse akkreditert i Vatikanet kan følgje gjestinga i kyrkja og krypten.
Kl. 17.30 møter statsministeren sjefen for Statssekretariatet i Vatikanet, kardinal Angelo Sodano, i Det apostoliske palasset i Vatikanet. Det er høve til å fotografere for norsk presse akkreditert i Vatikanet.
Om lag kl. 18.30 gjestar statsministeren det norske Olavsaltaret i kyrkja San Carlo al Corso i Roma.
Om lag kl. 20.00 møter statsministeren representantar for den katolske freds- og hjelpe-organisasjonen Sant’Egidio-fellesskapen, før han deltek i organisasjonen si kveldsbøn i kyrkja Santa Maria in Trastevere i Roma.
Torsdag 18. september:
Kl. 11.00 vert statsministeren teken imot i audiens av pave Johannes Paul II, i sommarbustaden i Det apostoliske palasset i Castel Gandolfo utanfor Roma. Det er høve til å fotografere for ein pool av norsk presse akkreditert i Vatikanet.
Om ettermiddagen reiser statsministeren med leigefly attende frå Roma til Oslo.