Priv. til red.:
Frå statsministerens program
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 18-04 | Dato: 06.02.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 18/2004
Dato: 6. februar 2004
Priv. til red.:
Frå statsministerens program
Laurdag 7. februar:
Frå 7. til 9. februar er Nederlands statsminister, Jan Pieter Balkenende, på arbeidsbesøk på Hamar og i Oslo. Pressekontakt er statssekretær Gunnaar Husan, telefon 91 12 12 16.
Ca. kl. 18.45 tek statsministeren imot statsminister Balkenende på Staur gard i Stange ved Hamar. Det er høve til å fotografere når dei to møtest og under kanefarten etterpå.
Sundag 8. februar:
Kl. 11.00 deltek statsministrane Bondevik og Balkenende på gudsteneste i Hamardomen på Domkyrkjeodden på Hamar. For pressedetaljar viser vi til Hedmarksmuseet og Hamar domkyrkje.
Frå kl. 12.00 er statsministrane Bondevik og Balkenende til stades under VM på skeiser i Vikingskipet på Hamar. For pressedetaljar viser vi til arrangøren.
Etter ein kort uformell middag på Staur gard, reiser statsministrane Bondevik og Balkenende til Oslo.
Måndag 9. februar:
Kl. 08.45 gjestar statsministrane Bondevik og Balkenende dei nederlandske fregattane HNLMS ”Jacob van Heemskerck” og HNLMS ”Karel Doorman”, ved Søndre Akershuskai Oslo. For pressedetaljar viser vi til Nederlands ambassade.
Kl. 09.30 møter statsminister Balkenende representantar for den tidlegare Verdikommmisjonen, Jan Erik Langangen og Henrik Syse, i Utanriksdepartementet. For pressedetaljar viser vi til UD.
Kl. 11.00 møter statsminister Balkenende stortingspresident Jørgen Kosmo, på Stortinget. Kl. 11.25 møter han medlemer i Stortingets utanrikskomité. For pressedetaljar viser vi til Stortinget.
Kl. 12.15 blir statsminister Balkenende motteken i audiens av Kronprinsregenten, på Slottet. For pressedetaljar viser vi til Slottet.
Kl. 12.30 møtest statsministrane Bondevik og Balkenende til arbeidslunsj i Regjeringa sin representasjonsbustad Parkvegen 45 i Oslo. Det er høve til å fotografere ved innleiinga.
Kl. 14.00 er statsministrane Bondevik og Balkenende tilgjengelege for pressefolk, i Parkvegen 45.
Kl. 14.30 held statsminister Balkenende føredrag på Nobelinstituttet i Oslo, før han reiser attende til Haag.
Tysdag 10. februar:
Kl. 12.00 opnar statsministeren Nasjonal innovasjonskonferanse, i Folkets Hus i Oslo. Arrangør er Nærings- og handelsdepartementet.
Onsdag 11. februar:
Kl. 13.45 talar statsministeren på Idrettens etikkseminar 2004, i Gamle Logen i Oslo.
Kl. 15.00 tek statsministeren imot presidenten i Worldwatch Institute, Chris Flavin, på Statsministeren kontor. Det er høve til å fotografere.
Torsdag 12. februar:
Om ettermiddagen reiser statsministeren til Madrid, i høve eit toppmøte i Den internasjonale organisasjonen for kristendemokratiske parti (CDI). Pressekontakt er statssekretær Gunnar Husan, telefon 91 12 12 16.
Fredag 13. februar:
Denne dagen deltek statsministeren i eit toppmøte i Den internasjonale organisasjonen for kristendemokratiske parti (CDI), på Konferansesenteret i Madrid.