Historisk arkiv

Priv. til red.:

Frå statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 163/2004
Dato: 1. oktober 2004

Priv. til red.:
Frå statsministerens program


Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og Statsrådet sitt møte på Slottet fredag kl. 11.00.


Laurdag 2. oktober:
Kl. 13.00 deltek statsministeren i Stortinget si høgtidelege opning.

Måndag 4. oktober:
Statsministeren er i Stortinget i samband med trontaledebatten.

Tysdag 5. oktober:
Kl. 11.00 deltek statsministeren i opninga av eit verdiseminar på Bjerke vidaregåande skule i Oslo. Tema er samarbeid for eit varmare og tryggare samfunn.

Onsdag 6. oktober:
Kl. 10.00 er statsministeren i Stortinget i samband finansministeren sin tale om framlegget til statsbudsjett for 2005.
Kl. 15.30 leiar statsministeren eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for organisasjonane i arbeidslivet, i høve framlegget til statsbudsjett, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere ved innleiinga. Etter møtet, om lag kl. 16.30, er deltakarane tilgjengelege for pressefolk same staden.

Fredag 8. oktober:
Om lag kl. 11.20 er statsministeren tilgjengeleg for kommentar til offentliggjeringa av Nobels fredspris for 2004, på Slottsplassen etter statsrådsmøtet.
Kl. 12.30 deltek statsministeren i markeringa av Verdsdagen for psykisk helse, ved ein stand i Karl Johans gate i Oslo.

Laurdag 9. oktober:
Frå 9. til 13. oktober gjestar statsministeren Egypt, Tanzania og Kenya. Han skal mellom anna ha samtalar med politiske leiarar i dei tre landa, og om fredsprosessen i Sudan. I Kenya skal statsministeren òg delta på ein konferanse om korrupsjon og gjeste FN-organ og norske organisasjonar, medan han i Tanzania òg skal møte representantar for ulike religionar og gjeste Rwanda-domstolen. Utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson deltek på reisa. Pressekontakt er statssekretær Gunnar Husan, telefon 91 12 12 16.
Laurdag morgon reiser statsministeren frå Oslo til Cairo.
Om ettermiddagen vert det mellom anna samtalar med politiske leiarar i Cairo.

Sundag 10. oktober:
Om morgonen reiser statsministeren frå Cairo til Dar es Salaam i Tanzania.
Om ettermiddagen møter statsministeren president Benjamin Mkapa i Dar es Salaam.
Om kvelden gjev statsminister Frederick Sumaye offisiell middag for statsministeren.

Måndag 11. oktober:
Om morgonen møter statsministeren religiøse leiarar i Dar es Salaam.
Om føremiddagen har statsministeren mellom anna politiske samtalar med statsminister Sumaye.
Ved middagstid gjev statsministeren offisiell lunsj i Dar es Salaam.
Om ettermiddagen reiser statsministeren frå Dar es Salaam til Arusha.
Om ettermiddagen gjestar statsministeren Rwanda-domstolen i Arusha.
Om kvelden møter statsministeren nordmenn i Arusha til middag.

Tysdag 12. oktober:
Om morgonen reiser statsministeren frå Arusha i Tanzania til Nairobi i Kenya.
Om føremiddagen møter statsministeren president Mwai Kibaki i Nairobi, til samtale og offisiell lunsj gjeven av presidenten.
Om ettermiddagen gjestar statsministeren slumstrok i Nairobi, og FN-organa UNEP og UN-Habitat.
Om kvelden deltek statsministeren i ei offisiell norsk mottaking i Nairobi.

Onsdag 13. oktober:
Om morgonen talar statsministeren på ein anti-korrupsjonskonferanse i Nairobi.
Om føremiddagen deltek statsministeren i møter om fredsprosessen i Sudan, og med norske organisasjonar, i Nairobi.
Om ettermiddagen reiser statsministeren frå Nairobi til Oslo, dit han kjem same kvelden.