Priv. til red.:
Frå statsministerens program
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 206-04 | Dato: 10.12.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 206/2004
Dato: 10. desember 2004
Priv. til red.:
Frå statsministerens program
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og Statsrådet sitt møte på Slottet fredag kl. 11.00.
Fredag 10. desember:
Kl. 19.00 er statsministeren mellom gjestene under Nobelkomitéen sin bankett på Grand Hotell i Oslo.
Laurdag 11. desember:
Kl. 09.00 tek statsministeren imot vinnaren av Nobels fredspris 2004, Wangari Maathai, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere. Etter samtalen, om lag kl. 09.30, er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden.
Måndag 13. desember:
Kl. 17.45 tek statsministeren mot den romersk-katolske biskopen Paride Taban frå Torit i Sør-Sudan. Biskopen har i mange år samarbeidd med Kirkens Nødhjelp. Det er høve til å fotografere.
Torsdag 16. desember:
Frå kl. 12.00 deltek statsministeren på møte i Det europeiske folkeparti (EPP), i Chateau Bouchout i Meise ved Brussel. Pressekontakt er statssekretær Gunnar Husan, telefon 91 12 12 16. Etter møtet, om lag kl. 17.15, er statsministeren tilgjengeleg for pressefolk i bustaden til EU-ambassadør Bjørn T. Grydeland.
Statsministerens avsluttande pressekonferanse føre jul vert halden tysdag 21. desember kl. 10.00 på Grand Hotell i Oslo. Det vert servert frukost.