Historisk arkiv

Priv. til red.:

Frå statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 187/2004
Dato: 29. oktober 2004

Priv. til red.:
Frå statsministerens program

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og Statsrådet sitt møte på Slottet fredag kl. 11.00.

Sundag 31. oktober:
Sundag 31. oktober og måndag 1. november er statsministeren i Stockholm i høve nordisk-baltisk og nordisk statsministermøte, og Nordisk Råd sin 56. sesjon. Pressekontakt er statssekretær Gunnar Husan, telefon 91 12 12 16. For pressedetaljar om statsministermøta viser vi til www.regeringen.se og om Nordisk Råd til www.norden.org .
Statsministeren reiser til Stockholm sundag ettermiddag.
Kl. 17.30 deltek statsministeren i nordisk-baltisk statsministermøte, på Statsrådsberedningen i regjeringsbygget Rosenbad i Stockholm.
Kl. 18.00 deltek statsministeren i dei nordiske og baltiske statsministrane sin pressekonferanse, i Rosenbad.
Kl. 18.30 deltek statsministeren i statsminister Göran Persson sin middag for nordiske og baltiske kolleger, i statsministerbustaden Sagerska Huset i Stockholm.

Måndag 1. november:
Kl. 08.00 deltek statsministeren i dei nordiske statsministrane sitt møte med generalsekretæren i Nordisk Råd, på Statsrådsberedningen i Rosenbad i Stockholm.
Kl. 09.45 deltek statsministeren i dei nordiske statsministrane sitt møte med representantane for dei sjølvstyrte områda i Norden, i Rosenbad.
Kl. 10.30 deltek statsministeren i dei nordiske statsministrane sin pressekonferanse, i Rosenbad.
Kl. 11.00 deltek statsministeren i dei nordiske statsministrane sitt møte med presidentskapen i Nordisk Råd, i Rosenbad.
Kl. 12.30 er statsministeren mellom gjestene i kong Carl XVI Gustaf sin lunsj i høve sesjonen i Nordisk Råd, på Stockholms Slott.
Frå kl. 14.30 deltek statsministeren i generaldebatten i Nordisk Råd, i Riksdagshuset i Stockholm.
Statsministeren kjem attende frå Stockholm til Oslo tysdag morgon 2. november.

Onsdag 3. november:
Kl. 10.30 tek statsministeren imot kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit til gjesting på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere når dei vert tekne imot ved hovudinngangen til høgblokka i Regjeringskvartalet. Ein pressepool kan arbeide når kronprinsparet kjem til salongen i 17. etasje, og under statsministeren sin velkomsttale i Statsrådsalen. Poolen har plass til 1 fotograf og 1 reportar frå Aftenposten, ANB, Dagbladet, NRK/Dagsrevyen, NTB/Scanpix, TV2Nyhetene, VG og Se og Hør. NB: seinaste frammøte for poolen er kl. 10.10. Deltakarane i poolen kan ikkje også arbeide ved hovudinngangen. Det er høve til å fotografere ved hovudinngangen når kronprinsparet dreg frå Regjeringskvartalet kl. 13.00.

Fredag 5. november:
Frå kl. 13.00 deltek statsministeren i KrF sitt landsstyremøte, på Radisson SAS Hotell Nydalen i Oslo.

Laurdag 6. november:
Statsministeren deltek i KrF sitt landsstyremøte, på Radisson SAS Nydalen Hotell i Oslo.