Sosial rapportering for å måle innsatsen mot fattigdom
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Sosialdepartementet
Pressemelding | Dato: 18.03.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Sosialminister Ingjerd Schou ønskjer at styresmaktene skal vere under eit konstant press når det gjeld arbeidet mot fattigdom. No varslar ho eksamen kvart år, gjennom sosial rapportering.
Pressemelding
Nr.: 05
Dato: 12.02.02
Sosialministeren vil ha årleg evaluering av innsatsen mot fattigdom
Sosialminister Ingjerd Schou ønskjer at styresmaktene skal vere under eit konstant press når det gjeld arbeidet mot fattigdom. No varslar ho eksamen kvart år, gjennom sosial rapportering.
Sosialdepartementet samarbeider med Statistisk sentralbyrå (SSB) for å utvikle eit system for nasjonal rapportering av statstikk og analysar som gjeld ulike grupper innafor Sosialdepartementet sitt ansvarsområde.
Samarbeidet om sosial rapportering vart først etablert for å få jamleg informasjon om utviklinga i inntekt og levekår for ulike grupper trygdemottakarar: alderspensjonistar, afp-pensjonistar, etterlatne-pensjonistar, uførepensjonistar og einslege forsørgjarar.
Den sosiale rapporteringa blir no utvida til også å gi opplysningar om sosialhjelpsmottakarar og andre meir marginaliserte grupper. Rapporteringa skal leggje større vekt på fattigdom som ein del av oppfølginga av regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom.
Rapporteringa omfattar utrekningar og analysar av inntekt, levekår, sysselsetjing og tidsbruk. Første rapportering kjem til våren, og skal innehalde analysar av ulike grupper trygdemottakarar, knytt til kjenneteikn som mellom anna inntekt, arbeid, utdanning, bustad og helse. Meininga er å vidareutvikle det nasjonale rapporteringssystemet for å kunne samanlikne med dei internasjonale kjenneteikna på fattigdom og sosial utstøyting som no er utvikla i EU.