Historisk arkiv

Nytt råd for funksjonshemma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Sosialdepartementet

Professor Jan Tøssebro blir ny leiar i Statens råd for funksjonshemma for dei kommande fire åra. -Eit tett samarbeid med rådet vil vere til god støtte for Regjeringa i det vidare arbeidet med å gjere samfunnet meir tilgjengeleg for alle, seier sosialminister Ingjerd Schou (07.11.03).

Pressemelding

Nr.: 47

Dato: 07.11.03

Nytt råd for funksjonshemma

Professor Jan Tøssebro er i statsråd i dag oppnemnd som ny leiar i Statens råd for funksjonshemma for dei kommande fire åra. Statens råd for funksjonshemma er eit rådgivande organ for offentlege instansar og institusjonar, særleg departementa og statsforvaltninga elles.

-I løpet av dei siste åra er det lagt fram både ein NOU og ei stortingsmelding med høge ideal om kva som trengst for å få til eit tilgjengeleg samfunn. Mykje av utfordringane ligg i å følgje opp desse, seier den påtroppande leiaren, Jan Tøssebro. Han arbeider ved Institutt for sosialt arbeid og helsevitskap, NTNU i Trondheim.

Dei 13 medlemmane i rådet har til saman brei røynsle frå samfunnet og særskilt innsikt i dei utfordringane som funksjonshemma møter i kvardagen. Av dei 13 medlemmane er fem oppnemnt etter forslag frå funksjonshemma sine organisasjonar.

-Regjeringas stortingsmelding om politikken for å byggje ned funksjonshemmande barrierar er no til behandling i Stortinget. Eit tett samarbeid med rådet vil vere til god støtte for Regjeringa i det vidare arbeidet med å gjere samfunnet meir tilgjengeleg for alle, seier sosialminister Ingjerd Schou.

Rådet deltar i drøftingar med representantar for offentlege instansar og institusjonar om spørsmål av stort verd for situasjonen til funksjonshemma. Det er gjort enkelte endringar i reglementet for å sikre ein tettare dialog mellom rådet og departementa.

Rådet skal også komme med initiativ og tilrådingar ovanfor offentlige instansar og institusjonar. Rådet informerer utetter m.a. gjennom tidsskriftet Notabene og ulike konferansar.

Medlemmar i Statens råd for funksjonshemma:

  • Professor Jan Tøssebro, Trondheim, leiar.
  • Rådgivar Rune Stureson, Oppegård, nestleiar.
  • Administrerande direktør Torild Jakobsen, Bodø.
  • Professor Sigmund Asmervik, Moss.
  • Assisterande fylkesmann Tor Stafsnes, Vadsø.
  • Forskar Hilde Haualand, Ås.
  • Leiar for Handikapprogrammet i Telenor, Ingrid Ihme, Oslo.
  • Spesialkonsulent Solfrid Fossberg, Leikanger
  • Leiar i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Arnt Holte, Oslo.
  • Generalsekretær i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Liv Arum, Oslo.
  • Leiar i Foreningen for søvnsykdommer, Margaret Ramberg, Mjøndalen’
  • Leiar i Norges Blindeforbund, Åge Nigardsøy, Trondheim.
  • Leiar i Norges Handikapforbund, Gunnar Buvik, Sarpsborg.