Historisk arkiv

Forslag om statleg stønad til innvandrarar på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Sosialdepartementet

Forslaget om å gje eldre innvandrarar og andre med liten eller ingen alderspensjon frå folketrygda rett til ei ny supplerande stønad, skal no ut på høyring. Ei ny ordning vil innebere at rundt 2 000 innvandrarar ikkje lenger treng kommunal sosialhjelp (26.04.04).

Pressemelding

Nr.: 20
Dato: 26.04.2004

Forslag om statleg stønad til innvandrarar på høyring

Forslaget om å gje eldre innvandrarar og andre med liten eller ingen alderspensjon frå folketrygda rett til ei ny supplerande stønad sendast no på høyring. Ei ny ordning vil innebere at rundt 2 000 innvandrarar ikkje lenger treng kommunal sosialhjelp. Stønaden skal behovsprøvast mot anna inntekt. Summen av stønaden og anna inntekt skal ikkje vere meir enn 90 prosent av minstepensjonen.

Det er særleg eldre personar frå Aust-Europa og Asia som vil nyte godt av den nye stønaden. Mange av dei har ikkje budd lenge nok i Noreg til at dei har rett til full alderspensjon. Også nordmenn, som har mista trygderettigheitar fordi dei har budd lenge utanlands, vil bli omfatta av ordninga.

Personar med mindre enn 40 års butid får avkorta pensjonen frå folketrygda etter kor mange år dei har budd i landet. Til dømes får personar med 20 års butid utbetalt maks halv minstepensjon. Desse blir i dag viste til sosialkontoret. Utrekningar viser at utbetaling av sosialhjelp til eldre innvandrarar utan pensjonsrettigheitar, utgjer ei utgift for kommunane på over 100 millionar kroner i året.

-Sosialhjelpa skal vere ei mellombels yting og ikkje ei permanent løysing. Derfor kan vi ikkje halde fram med eit system der eldre innvandrarar blir viste til sosialkontoret. Forslaget vil vere med og gi både eldre innvandrarar og kommunane betre mulegheit til å få oversikt over økonomien, seier sosialminister Ingjerd Schou.

Ytinga skal være behovsprøvd og sikre ei samla inntekt som svarar til 90 prosent av minstepensjonen. Nivået på ytinga markerer at det skal vere ein forskjell i forhold til pensjonistar med full oppteningstid. Minstepensjonen er i dag omlag 102 000 kroner i året. Behovsprøvinga skal gjelde eiga og ektefellen/sambuaren si inntekt og formue.

I enkelte kommunar har den økonomiske belastninga vore særleg stor. Fleire kommunar vegrar seg difor for å busetje eldre innvandrarar. Regjeringa reknar med at ei ny ordning vil føre til at busetjinga i kommunane vil gå raskare.

Den nye ordninga vil delvis bli finansiert gjennom dei midlane kommunane i dag bruker på sosialhjelp til denne gruppa. Overføringane til kommunane vil bli tilsvarande mindre, fordi dette er kostnader som fell bort når den nye ordninga er på plass.

Høyringsfristen er 31. mai 2004.