Historisk arkiv

Godkjenning av protokoll om riksgrensa mellom Noreg og Finland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Noreg har i dag godteke protokoll om riksgrensa mellom Noreg og Finland. Etter reglane i grenseavtalar mellom dei to land, skal grensa gåast opp på nytt kvart 25 år.

Pressemelding

Nr.: 131/02
Dato: 28.06.2002

Godkjenning av protokoll om riksgrensa mellom Noreg og Finland

Noreg har i dag godteke protokoll om riksgrensa mellom Noreg og Finland.

Grensa mellom Noreg og Finland er 736 km lang, og ein tredel av grensa ligg i Tanavassdraget. Etter reglane i grenseavtalar mellom dei to land, skal grensa gåast opp på nytt kvart 25 år. Ein grensekommisjon frå kvart land gjennomfører grenseoppgangen, og dei har i fellesskap gjeve råd om einskilde justeringar.

Dei totale justeringane av grensa er små i forhold til grenseoppgangen i 1975-76, då Noreg mottok seks holmar frå Finland. Denne gongen vil mellom anna grensa i Tana-vassdraget justerast, slik at ein liten holme på ca. 1000 kvm. vil liggja på finsk side.

Justeringane vil ikkje ha særleg store konsekvensar. Det samla norske areal vil vera omlag det same, då endringa dessutan vil medføra at Noreg, på si side, vil motta nokre sandbankar frå Finland. Sjølv om godkjenning inneber ei avståing av territorium, er området rekna for å vera utan særleg verdi for Noreg, då det er tale om ein liten holme i eit vassdrag med lite vegetasjon. Det er heller ikkje identifisert økonomiske eller andre vesentlege interesser som vil bli berørt.