Historisk arkiv

Noreg ettergjev halvparten av Jugoslavias bilaterale gjeld

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Jan Petersen og Jugoslavias visestatsminister Miroljub Labus signerte 3. september ein bilateral gjeldsavtale der Noreg slettar ca. 93 mill. kroner av Jugoslavias gjeld til Noreg (51 % av eit krav på ca. 184 mill.).

Pressemelding

Nr.: 157/02
Dato: 03.09.2002

Noreg ettergjev halvparten av Jugoslavias bilaterale gjeld

Utanriksminister Jan Petersen og Jugoslavias visestatsminister Miroljub Labus signerer i dag, 3. september, ein bilateral gjeldsavtale der Noreg slettar ca. 93 mill. kroner av Jugoslavias gjeld til Noreg (51 % av eit krav på ca. 184 mill.). Som ein spesiell gest overfor jugoslaviske styresmakter gjev Noreg òg opp eit rentekrav på ca. 5,6 mill. kroner, som gjeld renter opptente etter juli 2001. Til saman ettergjev Noreg m.a.o. nærare 99 mill. kroner.

Den bilaterale avtalen følgjer opp ein internasjonal avtale som vart inngått mellom Parisklubben av kreditorland og Jugoslavia i desember 2001. I Parisklubben, som består av OECD-landa og Russland, var Noreg ein pådrivar for at Jugoslavia skulle få ein gunstig gjeldsavtale, for å støtte opp under ei fredeleg og stabil utvikling i landet. Pådrivarrolla var ei naturleg forlenging av Noregs utanrikspolitiske rolle på Balkan. Ho må òg sjåast i lys av historiske venskapsband med det jugoslaviske folket.

Dersom Jugoslavia oppfyller vilkåra i avtaleverket, m.a. at styresmaktene til kvar tid har ein fast programavtale med IMF, vil gjelda verte redusert med ytterlegare 15 % i mars 2005. Samla vil Noreg og dei andre kreditorlanda dermed ettergje heile 66 % av landet si utanlandsgjeld. Denne kollektive gjeldsslettinga er ein viktig del av atterreisinga av Jugoslavia, etter eit tiår med krig og konflikt. Det er unikt at eit land som Jugoslavia får ei så omfattande gjeldsnedskriving som 66 %. Egypt og Polen har tidlegare fått 50 %, medan dei aller fattigaste landa i dag får mellom 90 og 100 % gjeldsreduksjon.

Gjeldsavskrivinga vil verte belasta ramma under den norske gjeldsplanen, dvs. utan budsjettbelastning. Gjeldsreduksjonen overfor Jugoslavia går difor ikkje på kostnad av anna bistand. I så måte er den norske gjeldsplanen eineståande i sitt slag.