Historisk arkiv

Noreg stryk 70 mill kroner i uteståande gjeld hos Guinea (Conacry)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Ordninga byggjer på ein internasjonal rammeavtale som vart underteikna i Parisklubben 15. mai 2001. (25.04.03)

Pressemelding

Nr.: 72/03
Dato: 25.04.2003

Noreg stryk 70 mill kroner i uteståande gjeld hos Guinea (Conacry)

Regjeringa har i dag vedteke å stryke om lag 70 mill kroner som Guinea skuldar Noreg – nærare bestemt alle renter og avdrag med forfall mellom november 2000 og mars 2004.

Ordninga byggjer på ein internasjonal rammeavtale som vart underteikna i Parisklubben 15. mai 2001. Denne avtalen kom i stand etter at Guinea i desember 2000 kom inn under gjeldsinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa ( Heavily Indebted Poor Countries Initiative; HIPC).

Etter Parisklubbavtalen har Noreg plikt på seg til gje Guinea 90 % gjeldslette på faste forfall. Som eit einsidig tiltak vel Regjeringa å auke gjeldsletta til fulle 100 %, slik ein tidlegare har gjort for andre HIPC-land med gjeld til Noreg (Tanzania, Benin og Senegal, Sierra Leone).

Guinea er eitt av dei 8 landa som opphavleg vart særskilt prioriterte i den norske Gjeldsplanen. Sidan landet er omfatta av Gjeldsplanen, kan gjeldsletta gjennomførast utan budsjettbelastning. Gjeldsletta går m.a.o. ikkje ut over annan bistand, men kjem i tillegg til denne. Noreg er einaste kreditorlandet i verda med ei slik budsjettløysing.