Historisk arkiv

Utviklingsministeren besøker Dei palestinske områda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsministeren besøker laurdag 7. til måndag 9. februar Dei palestinske områda og skal mellom anna drøfte bistandssamarbeidet med Dei palestinske myndigheiter. (06.02.04)

Pressemelding

Nr.: 10/04
Dato: 06.02.2004

Utviklingsministeren besøker Dei palestinske områda

Utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson besøker laurdag 7. til måndag 9. februar Dei palestinske områda.

Hovudmålet med besøket er å følgje opp bistandssamarbeidet med Dei palestinske myndigheiter og å drøfte korleis bistanden best kan tilpassast situasjonen slik han er i Midtøsten i dag. Gjevarkoordinering vil òg vere eit tema. Noreg har ei sentral rolle i dette arbeidet. Utviklingsministeren vil under besøket drøfte med Dei palestinske myndigheitene og det internasjonale gjevarsamfunnet korleis gjevarkoordineringa kan bli breiast mogleg og mest mogleg effektiv.

Priv til red.

Under det tre dagar lange besøket vil utviklingsministeren møte mellom andre statsminister Abu Ala, finansminister Salam Fayyad, planleggingsminister Nabeel Kassis og utdanningsminister Hummus. Utviklingsministerens besøk omfattar programpostar både i Gaza og på Vestbreidda.

Pressekontakt: Informasjonssjef Espen Gullikstad: 91 70 81 22