Historisk arkiv

Regjeringa slettar Senegals gjeld til Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Regjeringa har vedteke å stryke all senegalesisk gjeld til Noreg, om lag 236 millionar kroner. Dette kjem i tillegg til tidlegare gjeldslette på 225 millionar. (04.02)

Pressemelding

Nr.: 20/05
Dato: 04.02.2005

Regjeringa slettar Senegals gjeld til Noreg

Regjeringa har i dag vedteke å stryke all senegalesisk gjeld til Noreg, om lag 236 millionar kroner. Dette kjem i tillegg til tidlegare gjeldslette på 225 millionar. Medrekna denne avtalen er det sletta over 1,85 milliardar kroner i u-landsgjeld til Noreg.

Avtalen byggjer på ein multilateral rammeavtale som vart underteikna i Parisklubben – fellesforumet for kreditorlanda – i juni 2004. Senegal vart her sluttbehandla etter det internasjonale gjeldsletteinitiativet for dei fattigaste og mest gjeldstyngde landa (det såkalla HIPC-initiativet).

Etter parisklubbavtalen pliktar Noreg å gje Senegal ein gjeldsreduksjon på 63 millionar kroner. På eige initiativ vel Regjeringa likevel å stryke all senegalesisk gjeld for å gje eit ekstra bidrag til fattigdomsreduksjon. Det ekstra tilskotet blir dermed på heile 173 millionar kroner.

Gjelda skriv seg hovudsakleg frå norske leveransar og eksportkredittgarantiar for skipsutstyr til Senegal.

I tråd handlingsplanen om gjeldslette for utvikling stryk Regjeringa gjelda utan at noko budsjett blir belasta. Slettinga går difor ikkje ut over annan bistand til fattige land, men kjem i tillegg til denne.

Senegal er det fjerde landet som får sletta all gjeld til Noreg, etter Tanzania, Benin og Ghana.