Historisk arkiv

Vil styrke demokratiske institusjonar i Haïti

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

29. august avslutta politikarar frå Haïti ei vekes felles seminar i Noreg. Dei haïtianske representantane har vorte samde om fleire konkrete tiltak i det dei kallar "Svolvær-erklæringa", som skal styrke demokratiske institusjonar og den politiske kulturen i landet. (30.08)

Pressemelding

Nr.: 144/05
Dato: 29.08.2005

Vil styrke demokratiske institusjonar i Haïti

Idag avslutta politikarar frå Haïti ei vekes felles seminar i Noreg, med UD og Kirkens Nødhjelp som tilretteleggarar. Dei haïtianske representantane har vorte samde om fleire konkrete tiltak i det dei kallar " Svolvær-erklæringa", som skal styrke demokratiske institusjonar og den politiske kulturen i landet.

  • Det skal opprettast eit fellesorgan for dei politiske partia, som skal vere med på å styrke demokratiske parti si stilling gjennom å utvikle modellar for finansiering av politiske parti, rammer for informasjonsverksemd, utarbeiding av ei vallov og oppretting av eit valråd. Partia er samde om at organisasjonen skal opprettast den 15. september i Port-au-Prince. Statssekretær Vidar Helgesen vil representere Norge under denne seremonien.
  • Partia har også vorte samde om å utforme ei styringspakt (Governance Pact) for Haïti. Målet er mellom anna å bli samde om rammene for tilhøvet mellom regjering og opposisjon, uansett kven som vinn valet. Opposisjonen skal på si side akseptere regjeringa sin legitimitet og samstundes sjølv bli akseptert som ein del av det politiske livet.
  • Deltakarane går inn for at det blir oppretta fleire kontor for veljar-registrering, slik at flest mogleg skal kunne delta i valet.

- Det er svært positivt at seminaret har ført til så konkrete resultat, seier statssekretær Vidar Helgesen i UD. Han er glad for at partane har forplikta seg til å arbeide vidare for samarbeid og dialog, og slik vidarefører prosessen mot demokrati.

- Erklæringa frå Svolvær viser at ein har vorte samde om viktige verkemiddel for ei fredeleg avvikling av valet, og at det er ein felles vilje til å få til eit demokratisk val og stabile, demokratiske styringsforhold etter valget, seier Helgesen vidare.

Dette er resultat av eit fleirårig arbeid frå norsk side for å bidra til intern dialog på Haïti og ei vidareføring av valpakta som vart underteikna 14. juni i år i Port-au-Prince.