Historisk arkiv

Mæshomærshefæra?: Referat fra Budapest

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Mæshomærshefæra?

Ungarn 10.-13. april

Budapest var sjølvsagt prega av EU-valet på mange måtar. EU-flagget blafra i vinden mange stadar, og ein del EU-plakatar var også hengt opp. På valdagen 12. april var alle offentlege bygningar pynta med det ungarske flagget.

Fredag 11. april:

09:00 - Magyar Hírlap

alt:

Fredagen starta med besøk i redaksjonen til ei av dei fire største dagsavisene i Ungarn, Magyar Hirlap. Svært imøtekomande og informativ redaktør av EU-spalten, Péter Ipper, svarte på spørsmål om EU-dekninga.

http://www.magyarhirlap.hu/

alt:

10:30 - Parlamentet

alt:

Omvisning med guide i eit fantastisk byggverk som det tok 17 år å bygge. Det er den største parlamentsbygninga på kontinentet: 268 meter lang, 123 meter brei og 96 meter høg.

Nesten 40 kg med gull er brukt til dekorering, her i frå Plenumsalen. Meir informasjon om praktbygget finn du her: http://www.parlament.hu/

Deretter møte med representant for komiteen for europeisk integrasjon, Tamás Polányi og Krisztián Kovács frå EU-avdelinga.

13:30 - Ungdomsorganisasjonen DIA (Foundation for Democratic Youth)

Organisasjonen driv mellom anna med frivilleg arbeid i Ungarn. Ágnes Zsók orienterte om organisasjonens arbeid, men svarte også engasjert på mange EU-spørsmål.

http://i-dia.webalap.hu

15:00 - Besøk i ambassaden.

Ambassadør Jan G. Jølle tok varmt imot dei utsendte ungdomsobservatørane. Saman med førstekonsulent Atle Midttun informerte han både om ungarsk historie, politikk og EU-saka. Jølle måtte dessutan svare på spørsmål om kva ein ambassadør gjer, og kva som krevast for å bli ein god diplomat...

Lørdag 12. april:

08:00 Registrering hos Választási Információs Központ, valinformasjonskontoret.

Den norske delegasjonen var innmeldt som internasjonale observatørar under folkerøystinga. Sjølve akkrediteringa føregjekk på valinformasjonskontoret, der også alle journalistar og valobservatørar måtte møte opp for å hente sine akkrediteringskort. Her fekk vi omvisning og orientering om valprosessen ved Dr. András Hugyik.

Vallokala var opne frå 0600-2100. Besøkte utover dagen fleire vallokale, snakka med veljarar og med medlemar i dei lokale valkomiteane.

Ein skulle vere god å leite, for å kome over argumentent imot medlemskap. Her har Johannes funne eit lite klistremerke, med ein vri på eit sitat av ein stor ungarsk forfattar: "Å vere medlem, eller å vere fri" (originalen var slik: "Å vere slave, eller å vere fri").

11:00 - 13:00 Magyar Radio (= ungarsk radio)

Omvisning og møte med journalistar i nyhenderedaksjonen. Interessant omvisning ved Julia Gerö, Foreign relations department.

radiostudio.jpg alt: Vi var også tilstades under førebuingane til ei sending, som vi deretter fekk følgje frå kontrollromet.

Etter lunsj var det fleire vallokale som stod på menyen!

Og innimellom vart det tid til det turistar flest gjer i Budapest: Å nyte den vakre byen og utsikta over Donau...

21:00 Fest!

Vi var invitert til feiring av folkerøystinga i Millenáris (Milleniums)-parken i Budapest, som VIP-gjestar frå EUKK – stiftinga som var ansvarleg for informasjonsarbeidet om EU i Ungarn. Her deltok mellom anna statsminister Péter Medgyeszy.

Ute dansa flagga rundt bålet, med eit meir ungdommeleg publikum.

venar.jpg alt: Etter kvart fekk også ungdomen sleppe inn, og Andrea rakk å få nye vennar.

Resultatet vart 83 % JA, men berre 45 % gjekk til stemmeurnene. IGEN er ungarsk for JA.

 

Og nedtellinga til medlemskapet byrja så fort stemmene var talde opp...

Søndag 13. april:

10:00 Besøk ved Nasjonalgalleriet
12:30 Avreise frå hotellet
14:50 Flyavgang frå Budapest