Historisk arkiv

Styrkt grunnforsking og auka forskingsinnsats i næringslivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 105-02
Dato: 03.10.02

Styrkt grunnforsking og auka forskingsinnsats i næringslivet

Regjeringa styrkjer løyvingane til prioriterte forskingsområde. Løyvingane til langsiktig, grunnleggjande forsking blir foreslått auka med over 600 millionar kroner. Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping aukar med 3 milliardar kroner.Ordninga med skattefrådrag for FoU-utgiftene til næringslivet blir utvida til å gjelde alle bedrifter.

Løyvingane til langsiktig grunnleggjande forsking gjennom Noregs forskingsråd aukar med vel 425 millionar kroner, inkludert avkastinga frå Forskingsfondet. Veksten omfattar ei auka satsing på vitskapleg utstyr på 93 millionar kroner og ei utviding av satsinga på funksjonell genomforsking (FUGE) med 50 millionar kroner til 150 millionar kroner. Vidare foreslår Regjeringa ny satsing på "Framifrå unge forskarar" (FUF) med 20 millionar kroner og styrking av forskinga på nye materiale med 30 millionar kroner. Ein stor del av veksten i 2003 skal òg gå til dei 13 nye sentra for framifrå forsking (SFF). Som eit ledd i satsinga på kvalitet i forskinga foreslår Regjeringa dessutan å auke tilskotet til Senter for grunnforskning, tidlegare Senter for høyere studier.

Regjeringa gjer framlegg om å auke kapitalen i Forskingsfondet med 3 milliardar kroner i 2003. Den totale fondskapitalen blir med det 30 milliardar kroner – 14 milliardar av dei er kompensasjon for bortfall av tippeinntekter til forsking. Styrkinga av Forskingsfondet kjem til å gi rundt 180 millionar kroner i auka avkasting i 2004.

Dei direkte forskingsløyvingane til universitet og høgskular aukar med 187 millionar kroner. Veksten går til strategiske forskingsmidlar, vitskapleg utstyr og 200 nye doktorgradsstipendiatstillingar. Universitets- og høgskulesektoren får eit samla tilskot til Kvalitetsreforma på 510 millionar kroner, ein auke på 220 millionar kroner i forhold til 2002.

For å stimulere til auka forskingsinnsats i næringslivet foreslår Regjeringa å utvide ordninga med skattefrådrag for FoU-investeringar til å omfatte alle verksemder. Utvidinga inneber ein auke i årleg skattelette for næringslivet på rundt 400 millionar kroner.

Samtidig styrkjer Regjeringa satsinga på forskingsbasert nyskaping og kommersialisering med vel 50 millionar kroner over budsjetta til fleire av departementa. Satsinga omfattar mellom anna auka midlar til FORNY, DEMO 2000 og oppretting av eit nytt innovasjonsprogram for marin verdiskaping.

Regjeringa foreslår òg å styrkje forsking innanfor alle dei fire tematiske områda marin forsking, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, medisinsk og helsefagleg forsking og forsking i skjeringspunktet mellom energi og miljø. Styrkinga skjer over budsjetta til fleire av departementa, som Fiskeridepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Samferdsledepartementet, Helsedepartementet og Olje- og energidepartementet.

Regjeringa legg fram forslag til ny organisering av Noregs forskingsråd. Dei seks områda til Forskingsrådet skal erstattast av ei avdeling for fag- og disiplinutvikling, ei avdeling for innovasjon og brukarinitiert forsking og ei avdeling for strategiske satsingar. Forskingsrådet får eit mindre og sterkare hovudstyre, og avdelingsstyra blir tett knytte til hovudstyret. Forskingsrådet får ansvar for å utvikle modellen.

Regjeringa går inn for norsk deltaking i EUs sjette rammeprogram for forsking, som startar opp i 2003 og fører til norske kontingentplikter på over 2 milliardar kroner i programperioden. Deltakinga i EUs rammeprogram er eit viktig bidrag for å internasjonalisere og kvalitetssikre norsk forsking. Samtidig er det nye rammeprogrammet sentralt i arbeidet med å utvikle eit felles europeisk forskingsområde (European Research Area – ERA).

Med i utrekninga av den totale veksten i forskingsløyvingane ligg det enkelte forhold som er med på å redusere budsjettet for 2003. Bygginga av det nye forskingsfartøyet etter "G.O. Sars" er i sluttfasen, og løyvinga går dermed ned med 252 millionar kroner. På grunn av budsjettekniske endringar er også tilskotet til EUs rammeprogram for forsking monaleg redusert. Endringane får ikkje noko å seie for den norske deltakinga i rammeprogrammet, men reduserer forskingsløyvingane med 208 millionar kroner.

Samla sett er veksten i forskingsløyvingane i 2003 på vel 640 millionar kroner, eller 5,5 prosent. Korrigert for redusert tilskot til havforskingsfartøy og EUs rammeprogram er veksten på 9,2 prosent. I tillegg kjem utvidinga av skatteordninga for næringslivet sin FoU-innsats, som inneber ein årleg lette for næringslivet på rundt 400 millionar kroner.