Historisk arkiv

Ny finansiering av studium i utlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 083-03
Dato: 8.oktober

Ny finansiering av studium i utlandet

For å støtte opp under måla om internasjonalisering i høgare utdanning foreslår Regjeringa å innføre ei ny ordning for å finansiere skulepengar i utlandet. Ordninga skal gjelde frå og med undervisningsåret 2004–2005.

Den nye finansieringsordninga inneber at ein fjernar dei faglege avgrensingane med omsyn til kva utdanningar som gir rett til skulepengefinansiering. Studentane skal få støtte uavhengig av fagretning.

Elles byggjer ordninga på desse hovudpunkta:

  • Det noverande gebyrstipendet blir gjort om til skulepengestøtte, der skulepengane blir gitt dels som stipend og dels som lån. Høgare gradsutdanning og delstudium skal finansierast med 70 prosent stipend og 30 prosent lån innanfor dagens sats for gebyrstipend på 52 320 kroner. Lågare gradsutdanning skal finansierast med 50 prosent stipend og 50 prosent lån.
  • Studentar i utlandet skal i tillegg til skulepengestøtta på 52 320 kroner få høve til å låne inntil 50 000 kroner per studieår til å dekkje skulepengar.
  • Tilleggsstipendordninga blir vidareført med visse endringar.
  • Det skal innførast eit tilretteleggingssemester for gradsstudentar som skal ta utdanning i ikkje-engelskspråklege land.
  • Det skal bli betre høve til å ta Ph.D.-utdanning i utlandet ved at Ph.D.-studentane får ta opp lån til å dekkje skulepengar. Desse studentane skal få ta opp 102 320 kroner i lån per studieår.

Omlegginga er venta å føre til ei mindreutgift på rundt 50 millionar kroner i 2004.

Elevutveksling
Regjeringa foreslår å gjere forsøksordninga med utveksling gjennom godkjende utvekslingsorganisasjonar permanent frå og med skuleåret 2004–2005. Regjeringa foreslår òg å målrette ordninga med å utveksle heile klassar ved å reservere henne for yrkesfaglege studieretningar. Endringa kjem først til å gjelde frå skuleåret 2005–2006. Etter det får elevar på allmennfagleg studieretning berre høve til å ta del i slik utveksling på individuelt nivå.

Stipendordninga for elevar
Frå hausten 2003 blei det innført ei ny støtteordning for elevar i vidaregåande opplæring som er meir målretta enn tidlegare. 2004 blir det første heile året med den nye ordninga, som inneber ei styrking på om lag 400 millionar kroner samanlikna med den gamle ordninga.

Konvertering av stipend
Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa at heile utdanningsstipendet på 40 prosent av støttebeløpet blir utbetalt som lån og gjort om til stipend når utdanninga er gjennomført. For studentar som gjennomfører studiet på normert tid, fører ikkje opplegget til noka endring i forhold til dagens støtte.

Det blir gjort framlegg om at støttebeløpa blir vidareførte på same nominelle nivå som i 2003.

Vaksenopplæring
Regjeringa arbeider for å realisere målet om livslang læring for alle. Sentralt i dette arbeidet er Kompetansereforma, som tek sikte på å tilfredsstille behovet for kompetanse hos individet, i arbeidslivet og i samfunnet. Til saman blir det foreslått å løyve 1106 millionar kroner til vaksenopplæring, fagskuleutdanning og folkehøgskular i 2004.

Departementet har skaffa seg eit breitt kunnskapsgrunnlag om korleis vaksne lærer, og det ligg til grunn for det vidare arbeidet med reforma. Erfaring viser at ein oppnår gode læringsresultat for vaksne ved å kombinere arbeid og utdanning. Under Kompetanseutviklingsprogrammet er det utvikla ei rekkje gode verktøy og modellar for læring i arbeidslivet, og det blir no sett mykje inn på å spreie desse erfaringane. Av omsyn til det samla budsjettopplegget er det likevel foreslått å redusere løyvinga til dette programmet frå 60 til 40 millionar kroner i 2004.

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til folkehøgskulane med 22 millionar kroner til 496 millionar kroner. Vidare er det gjort framlegg om å redusere løyvingane til studieforbund og frittståande fjernundervisningsinstitusjonar med høvesvis 40 og 5 millionar kroner. Det blir då løyvd 146 millionar kroner til studieforbunda i 2004, mens fjernundervisningsinstitusjonane får 15 millionar kroner.