Historisk arkiv

«Ny sjanse!» — nytt opplæringsprogram for vaksne

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Utdannings- og forskningsdepartementet

Programmet har som mål å gi støtte til offentlege og private bedrifter som vil tilby opplæring blant dei tilsette. Det blir foreslått å løyve 14,6 millionar kroner til programmet, som òg omfattar arbeidssøkjarar. (14.10.05).

Pressemelding

Nr.: 070-05
Dato: 14.oktober

«Ny sjanse!» – nytt opplæringsprogram for vaksne

For å hindre at folk blir støytte ut av arbeidslivet på grunn av manglande dugleik i lesing, skriving, rekning eller data, foreslår Regjeringa å innføre eit nytt program for opplæring i grunnleggjande dugleik for vaksne: «Ny sjanse!». Programmet har som mål å gi støtte til offentlege og private bedrifter som vil tilby opplæring blant dei tilsette. Det blir foreslått å løyve 14,6 millionar kroner til programmet, som òg omfattar arbeidssøkjarar.

«Ny sjanse!» blir foreslått etablert på bakgrunn av erfaringane med Kompetansereforma, som mellom anna viser at ein kombinasjon av arbeid og opplæring ofte gir best læringsutbytte, og at det særleg er dei med låg formell kompetanse som er motiverte for ein slik læringssituasjon. Både offentlege og private bedrifter skal kunne søkje om støtte til å setje i gang opplæring for dei tilsette og for arbeidssøkjarar.

OECD-undersøkinga Adult Literacy and Lifeskills Survey (ALL) viser at det i Noreg er over 400 000 vaksne som har så dårleg lesedugleik eller talforståing at dei kan få problem med å fungere i samfunnet. Mange av dei fell utanfor både utdanningstilbodet som finst, og arbeidslivet. Regjeringa legg vekt på at mangel på grunnleggjande dugleik har store konsekvensar for livskvaliteten og utsiktene til den enkelte. Forbetringar på dette området kan òg få positive verknader for utviklinga på arbeidsplassane det gjeld.

«Ny sjanse!» skal bidra til at alle typar bedrifter investerer i kompetanseheving for dei blant dei tilsette som har den lågaste kompetansen frå før. Opplæringsprogrammet er samtidig eit ledd i Regjeringa sitt arbeid med å utvikle ein ny kompetansepolitikk, der eitt av måla er å skape eit meir inkluderande kunnskapssamfunn.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Sveinung Skule, tlf. 22 24 75 25