Historisk arkiv

Rundskriv F-021-02

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet

Ny forskrift om lærarkompetanse

Rundskriv
F-021-02

Saksnr. 02/1068

19.07.2002

Akademikerne
Hans-Petter Sveia (Akademikernes Fellesorganisasjon)
LO-stat
YS-stat
Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon
Aetat
Barneombudet
Departementene
Elevorganisasjonen
Fellesorganisasjonen for barnepedagoger, sosionomer og vernepleiere
Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG)
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjonen FFO
Fylkeskommunene
Hotell- og næringsmiddelfagenes lærerforening
Kommunene
Kommunenes Sentralforbund
Landslaget for utdelt og fådelt skole (LUFS)
Landsorganisasjonen i Norge
Lærernes Yrkesforbund
Læringssenteret
Musikernes Fellesorganisasjon
Nettverket for private høgskoler
Norges Ingeniørorganisasjon
Norsk Lektorlag
Norsk Lærerstudentlag
Norsk Naturforvalterforbund
Norsk Skolelederforbund
Norsk Sykepleierforbund
Norsk Sivilingeniørers Forening
Næringslivets Hovedorganisasjon
Private høgskoler
Riksrevisjonen
Samnemnda for NF og NKF
Skolenes landsforbund
Statens utdanningskontorer
Statstjenestemannsforbundet
Studentenes landsforbund
Utdanningsforbundet
Universiteter og høgskoler
Universitets- og høgskolerådet

Ny forskrift om lærerkompetanse

Departementet sende 11.04.02 til høring utkast til ny forskrift om lærarkompetanse.

Forslaget var utarbeidd i samsvar med Regjeringa si målsetjing om eit enklare regelverk. Mange av dei som uttalte seg i høringsrunden, var positive til utkastet.

På grunnlag av høringa har departementet fastsett ny forskrift om lærarkompetanse. Dei nye føresegnene gjeld frå 01.08.02. Dei skal takast inn i Forskrift 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova, som kapittel 14, og vil dermed erstatte det som no står i kapittel 14. Etter 1. august 2002 må alle som skal tilsetje lærarar, halde seg til dei nye føresegnene. Det nye kapittel 14 følgjer som vedlegg.

Utgangspunktet for endringane har vore at dei noverande kompetansekrava skal førast vidare. Dette er òg i høg grad følgt opp, men i staden for å liste opp dei einskilde utdanningane som kan godtakast, viser den nye forskrifta kva som er minimumskrava for å kunne bli tilsett som lærar med full kompetanse. Dei krava som skal stillast til den einskilde læraren utover minimumskrava, er det opp til arbeidsgivaren sjølv å fastsetje. Dersom det til ei utlyst lærarstilling ikkje melder seg søkjarar som heilt ut fyller kompetansekrava i forskrifta, seier dei nye føresegnene at arbeidsgivaren, i enkelte situasjonar, kan tilsetje på vilkår søkjar utan full kompetanse.

Ein konsekvens av den nye forskrifta er at frå 1. august 2002 fell departementet sin heimel for å dispensere frå føresegnene i kapittel 14 bort.

Med hilsen

Alette Schreiner e.f.
fung. ekspedisjonssjef

Jorunn Sandvold
fung. avdelingsdirektør

Vedlegg: Forskrift om endringar i forskrift 28.juni 1999 nr. 722 til opplæringslova