Historisk arkiv

Rundskriv F-013-02

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Utdannings- og forskningsdepartementet

Statsbudsjettet 2002 kapittel 223 post 60. Tilskott til landslinjer.

Rundskriv
F-013-02

02/2006

22.03.2002

Dette rundskrivet erstatter rundskriv F-021-01

Fylkeskommunene

STATSBUDSJETTET 2002. KAPITTEL 223 POST 60 TILSKOTT TIL LANDSLINJER

Desse kurstilboda får tilskott som landslinje våren 2002:

Kurs

Nivå

Talet på skular

Elevplassar

Anleggsmaskinførar

VKI

6

300

Anleggsmaskinreparatør

VKII

6

90

Yrkessjåfør

VKII, halvårige kurs

for voksne

11

270

Flyfag

VKI

4

120

Flytekniske fag

VKII

4

84

Avionikk

VKII

3

36

Romteknologi

VKII

1

24

Naturbruk

Økologisk landbruk

VKI og VKII

Sogn jord- og

hagebruksskule

52

Musikk, dans og drama

GK, VKI, VKII

(fordjuping – folkemusikk)

Valle

60

Musikk, dans og drama

GK, VKI, VKII

(fordjuping – folkemusikk)

Vinstra

27

Idrettsfag

GK, VKI, VKII

(fordjuping – langrenn)

Meråker

60

Idrettsfag

GK, VKI, VKII

(fordjuping – alpint)

Frydenlund

30

Idrettsfag

GK, VKI, VKII

(fordjuping – alpint og

telemark)

Oppdal

45

Idrettsfag

GK, VKI, VKII

(fordjuping – kombinert)

Steinkjer

15

Idrettsfag

GK, VKI, VKII

(fordjuping – hopp og

kombinert)

Heimdal

45

Allmenne, økonomiske og

administrative fag

GK, VKI, VKII

(fordjuping – langrenn)

Nordreisa

45

Allmenne, økonomiske og

administrative fag

GK, VKI, VKII

(fordjuping – alpint og

langrenn)

Hovden

60

Desse kurstilboda får tilskott som landslinje hausten 2002:

Kurs

Nivå

Talet på skular

Elevplassar

Anleggsmaskinførar

VKI

6

300

Anleggsmaskinreparatør

VKII

6

90

Yrkessjåfør

VKII, halvårige kurs
for voksne

11

270

Flyfag

VKI

4

120

Flytekniske fag

VKII

4

84

Avionikk

VKII

3

36

Romteknologi

VKII

1

24

Naturbruk

Økologisk landbruk

VKI og VKII

Sogn jord- og

hagebruksskule

52

Vilkår for tilskottet

Departementet set som krav at gjeldande læreplanar ligg til grunn for opplæringa som blir gitt ved landslinjene. Opplæringa skal gjennomførast på normal tid. Søkjarar frå heile landet skal stillast likt ved inntak til landslinjene. Vi viser til forskrift til opplæringslova § 6-11 Inntak til landslinjer. Dei fylkeskommunane som får tilskott til drift av landslinjene, skal ikkje krevje oppgjer for gjesteelevar frå andre fylkeskommunar for desse tilboda.

Vertsfylkeskommunen har ansvar for å stille til disposisjon dei lokalitetar og det utstyret som er nødvendig for opplæringa. Vidare har vertsfylkeskommunen som for andre tilbod innanfor vidaregåande opplæring, ansvar for å organisere og tilretteleggje landslinjetilbodet.

Tilskott per elev til drift for dei forskjellige landslinjetilboda i 2002

Naturbruksfagkr123 119

Anleggsmaskinførar og anleggsmaskinreparatørkr106 000

Flyfag, avionikk og flytekniske fagkr78 000

Romteknologikr90 000

Yrkessjåførkr102 000

Allmenne, økonomiske og administrative fagkr52 663

Idrettsfagkr59 280

Musikk, dans og dramakr74 936

Ved landslinjene for yrkessjåførfaget blir det gitt tilskott for elevar som i mangel av læreplass tek VKII i skule, for lærlingar som tek modul I og for vaksne som tek ^2-årig kurs i skule. Fylkeskommunane skal prioritere lærlingar og elevar som manglar læreplass. Vilkåra for statleg tilskott til elevar på ^2-årig kurs er at elevane er 21 år eller eldre, har vitnemål/årskursbevis frå eit av grunnkursa som gir inntak til VKI transportfag, førarkort klasse B og fyller helsekrav for å få førarkort klasse CEDE, jf rundskriv F 94-97.

Tilskottet til drift blir gitt på grunnlag av talet på elevar omrekna til heilårselevar. Driftstilskottet for 2002 blir utbetalt med 7/12 i vårhalvåret og 5/12 i hausthalvåret. For yrkessjåførskulane blir driftstilskottet for 2002 utbetalt med 6/12 både for vår- og hausthalvåret. Av tilskottet er 85% knytt til talet på godkjende elevplassar i klassar som er starta opp og 15% er knytt til det faktiske talet på elevar. Det blir ikkje gitt tilskott til klassar som ligg innafor kapasiteten, men som ikkje er starta opp. Der departementet ser at det er stor forskjell mellom planlagt og faktisk kapasitet i ei klasse, kan departementet avgjere om kapasiteten ved landslinja skal endrast frå neste skuleår. Fylkeskommunane må sjølv dimensjonere tilbodet etter behov i arbeidslivet. Dette gjelder også for landslinjer. Kapasiteten frå departementet er en øvre grense.

Fylkeskommunane skal gi opplysningar om kvar enkelt elev/lærling. Vedlagde skjema skal brukast for opplysningar om namn, fødselsdato, heimstadsfylke og kva for opplæring den enkelte får.

Tilskott til glattkjøring

Det gis ikkje tilskott til glattkjøring i 2002.

Tilskott til utstyr

Det gis ikkje tilskott til utstyr i 2002.

Rutinar for utbetaling av tilskottet til drift

Fylkeskommunane skal sende elevlister til utdanningskontoret i fylket, utdanningskontoret skal kontrollere opplysningane som blir gitt. Departementet vil utbetale tilskottet etter å ha motteke elevlister frå utdanningskontora. Tidspunktet for elevteljing for vårhalvåret er 2. april og for hausthalvåret 1. oktober 2002. Fylkeskommunane skal bruke vedlagde skjema. Skjema skal sendast til utdanningskontoret i fylket. Fristen for å sende skjema til utdanningskontoret er for vårhalvåret 15. april og for hausthalvåret 15. oktober 2002.

Kontroll/oppfølging

Statens utdanningskontor skal gjennomføre stikkprøver av elevlistene som er grunnlaget for driftstilskottet.

Statens utdanningskontor skal sende dei kontrollerte elevlistene til departementet for vårhalvåret seinast 2. mai og for hausthalvåret seinast 1. november 2002.

Dersom vilkåra for å få tilskott som landslinje ikkje er oppfylte, kan departementet halde tilbake driftstilskottet. Ved feil utrekning av driftstilskottet kan det gjerast avrekning i påfølgjande utbetaling etter at feilen er oppdaga.

Departementet vil dessutan innhente økonomisk informasjon frå enkelte fylkeskommunar når ein finn det nødvendig.

Departementet tar atterhald om Riksrevisjonen og departementet sin rett til å iverksetje kontroll med at tilskott er brukt etter føresetnaden, jf. Stortinget sitt bevilgningsreglementet § 17.

Med hilsen

Øyvind Bjerkestrand e.f.
fung. underdirektør

Ellen C. Arnesen
rådgiver