Historisk arkiv

Heidi Rudi politisk rådgjevar for planleggingsministeren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr. 51/96
09.12.96

Heidi Rudi politisk rådgjevar for planleggingsministeren

Bydelslege i Nordstrand bydel i Oslo, Heidi Merete Rudi, er oppnemnd som politisk rådgjevar for planleggingsminister Bendik Rugaas. Rudi er 34 år gammal og fødd i Ringebu, men bur nå i Lørenskog.

Rudi har vore aktiv i AUF sidan 16-års alderen, og har bl.a. vore medlem av fylkesstyret for Oppland og landsstyret. Ho tok medisinsk embetseksamen i 1989, og har bl.a. tidlegare vore bydelslege i Stovner bydel i Oslo. Rudi er gift og har to barn på 4 og 6 år.

Rudi hadde sin første arbeidsdag i Administrasjonsdepartementet 2. desember. Saman med kollegaene i AD vil ho frå januar 1997 ha sin arbeidsplass i det nye Planleggings- og samordningsdepartementet

Kontakt for nærmare informasjon: Informasjonssjef Leiv Ellingsen, tlf. 2224 4609.

Lagt inn 10 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen