Historisk arkiv

- Betre omsorg og behandling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 97088
14.08.97

Regjeringa med handlingsplan for barn og unge med åtferdsvanskar:

- Betre omsorg og behandling

- Handlingsplanen for barn og unge med åtferdsvanskar skal sørge for betre hjelp både til dei som alt har utvikla alvorlege åtferdsproblem og til dei som står i fare for å utvikle slike problem, seier barne- og familieminister Sylvia Brustad.

Erfaringar viser at ansvaret for å ta hand om dei åtferdsvanskelege har lett for å verte pulverisert. I tillegg er mange av tilboda ikkje fagleg gode nok.

- Ungdomane har ein tendens til å verte kasteballar mellom ulike institusjonar, og dei får difor ikkje den naudsynlege behandlinga. Samarbeidet mellom kommunane og fylkeskommunane fungerer ikkje godt nok. Dette må vi gjera noko med, seier Brustad.

Fire hovudområde

Satsinga vil verte retta inn mot fire hovudområde:

Ei fylkeskommunal konsultasjonsteneste skal utviklast. / Ansvarsforholda skal gjerast tydelegare. / Institusjonsplassar og tiltak skal verte fleire og meir varierte. / Forsking og kompetanseoppbygging skal settast i verk.

Effekten av desse tiltaka er større garanti for rett hjelp.

- Ved utgangen av 1996 var 273 barn og unge tatt hand om fordi dei hadde store åtferdsvanskar. Ein del av denne gruppa representerer ein stor fare for seg sjølv eller andre. Dei fleste av desse borna og ungdomane vil ha bruk for omfattande økonomisk og menneskeleg hjelp dersom dei ikkje får rett hjelp i tide, seier Brustad.

Meir kunnskap, betre hjelp

- Handlingsplanen skal styrkje fylka sin kompetanse og utvikle vidare behandlingstilboda overfor desse barna og ungdomane. Heile omsorgs- og behandlingstilbodet i fylka sine barne- og ungdomstenester må utnyttast betre og bli meir varierte, seier Sylvia Brustad. Ho understrekar kor viktig det er at planen vert sett i samanheng med førebyggjande tiltak.

Satsinga skal resultere i betre samarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar. Tiltak med tydeleg ansvarsfordeling i og mellom forvaltingsnivåa er og eit mål å forbetra.

Satsingsområder og resultatmål:

Målsetting:

Å sikre at barn og unge med adferdsproblemer får god hjelp, tilpasset den enkeltes behov.

Satsingsområder:

  • Tydeliggjøre ansvarsforholdene i forvaltningen
  • Utbygging av tiltak og institusjonsplasser
  • Utvikling av en fylkeskommunal konsultasjonstjeneste
  • Iverksetting av forskning og kompetanseutvikling

Resultatmål:

  • BFD vil innen utgangen av 1997 utarbeide retningslinjer som presiserer ansvarsforholdene og samarbeidet mellom kommuner og fylkeskommuner
  • BFD vil innen utløpet av 1997 legge fram for Stortinget forslag til en ny bestemmelse om at det skal utarbeides en tiltaksplan for den enkelte ved anvendelse av barnevernlovens bestemmelser om bruk av tvang ved plassering i institusjon.
  • Utbygging av et variert og tilstrekkelig antall fylkeskommunale plasser for opplæring og behandling av barn og unge med adferdsproblemer. Særskilte fylkeskommunale planer for arbeidet med denne gruppen skal være utarbeidet innen utgangen av 1997.
  • Etablering av operativ faglig konsultasjonstjeneste i alle fylkeskommuner i løpet av 1998.
  • Etablering av et nettverk og et eget forsknings- og undervisningsopplegg ved Universitetet i Oslo for utvikling av kompetanse og kunnskapsformidling i behandling av adferdsproblemer, fra høsten 1997.
  • Ekspertkonferanse om forebygging og behandling av barn og unge med adferdsproblemer høsten 1997. En rapport på grunnlag av konferansen skal anbefale tilnærming og virkemidler. Rapporten skal foreligge innen utgangen av 1997.
  • Kompetansesentra innen barnevern og barne- og ungdomspsykiatri oppfordres til økt faglig samarbeid og samordnet innsats om utvikling og veiledning av lokale tiltak for barn og unge med adferdsproblemer.
Lagt inn 14 august 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen