Historisk arkiv

240.000 til antinasjonalistisk arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 97064
Dato: 30.05.97

240.000 til antinasjonalistisk arbeid

Barne- og familiedepartementet løyver 240.000 kroner i år til eit tre-årig antinasjonalistisk prosjekt. - Dette prosjektet vil utvikle tiltak for å hjelpe unge ut av desse miljøa og inn i andre og betre miljø. Meininga er at ungdom skal hjelpe ungdom, seier barne- og familieminister Sylvia Brustad. Utlendingsdirektoratet (UDI) løyver i tillegg 300.000 kroner til dette føremålet i år.

- Rekrutteringa til ekstreme nasjonalistiske og rasistiske miljø er aukande. Desse miljøa kan også representerer ein trussel mot annan ungdom. Det er difor viktig å utvikle tiltak der ungdom hjelper kvarandre , seier statsråden.

Målgrupper for prosjektet er unge som ønskjer seg ut av dei ekstreme nasjonalistiske og rasistiske miljøa, foreldre til barn som deltek i desse miljøa og fagpersonell som arbeider blant ungdom.

- Prosjektet skal bidra til at ungdom som deltek i rasistiske og ekstreme nasjonalistiske miljø, kjem seg raskast mogleg ut av dei. Det vil mellom anna verte satsa på rehabiliteringstiltak for potensielle avhopparar. Men vi vonar også at dette vil føre til at foreldrenettverk vert etablert og at erfaringar vert utveksla. Målet er også å skulere fagpersonell og tillitsvalte i frivillige organisasjonar, seier Sylvia Brustad.

Prosjektet er tre-årig med start hausten 1997, og ein reknar med å avslutte det våren år 2000. Det er utarbeida av organisasjonen «Voksne for barn» i samarbeid med forskar Tore Bjørgo ved NUPI/Politihøyskolen og med politiavdelingssjef Magnus Betten ved Manglerud politistasjon.

Lagt inn 30 mai 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen