Historisk arkiv

800.000 kroner til Ungdomstjenesten i Tromsø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 97005
06.02.97

800.000 kroner til Ungdomstjenesten i Tromsø

Barne- og familiedepartementet løyver 800.000 kroner til prosjektet Ungdomstjenesten i Tromsø. Prosjektet skal mellom anna utvikle ein heilskapleg og sektorovergripande politikk for ungdom mellom 13 og 25 år i Tromsø og lage strategiar for korleis ungdom kan ta del i politiske avgjersler.

- Det er positivt at Tromsø kommune no ser behov for å styrkje det ungdomspolitiske arbeidet og gi det ein ny giv. I denne samanhengen vil Ungdomstjenesten vere eit godt eigna verkemiddel, seier barne- og familieminister Sylvia Brustad.

Søknaden frå Tromsø er godt forankra i eit tverretatleg samarbeid, og prosjektet er i hovudsak basert på dei unge si eiga medverknad og deltaking. Troms fylkeskommune er aktivt med både fagleg og økonomisk.

Tromsø er ein av ni kommunar som får nyte godt av Barne- og familiedepartementets satsing på ungdomstiltak i dei større bysamfunna. Departementet har om lag 25 millionar kroner til desse tiltaka.


Priv til red.

Dersom redaksjonen ønskjer fleire opplysningar om prosjektet i Tromsø, kan den ringe Tromsø kommune ved Bi Haavind på telefon 77 62 02 29.

Lagt inn 6 februar 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen