Historisk arkiv

Å overta foreldreansvar etter dødsfall gir lønna permisjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 97042
18.04.97

Sylvia Brustad ønskjer lovendring:

Å overta foreldreansvar etter dødsfall gir lønna permisjon

Regjeringa går inn for at personar som overtek foreldreansvaret for barn etter at ein eller begge foreldra døyr, skal ha rett på lønna permisjon eller eingongsstønad.

- Det nye lovforslaget sidestiller desse med adoptivforeldre, seier barne- og familieminister Sylvia Brustad.

Endringane rettar seg mot situasjonar der eit barn treng nye omsorgspersonar av di den eine eller begge foreldra til barnet døyr samstundes som slektningar eller andre får foreldreansvaret. Som «nye foreldre» vil dei ha rett på 39 veker permisjon med full løn eller 49 veker med 80 prosent. Eingongsstønaden er for tida 32.138 kroner. Dagens regelverk gir ikkje dei nye «foreldra» rett til korkje permisjon eller stønad.

Statsråd Sylvia Brustad seier at rettsleg sett skil omsorgsovertaking ved tildeling av foreldransvaret ved dødsfall seg frå adopsjon, men dei faktiske omstenda kan ofte samanliknast.

- Adopsjon vert kjenneteikna ved at barnet normalt sett vert rive opp frå sine vante omgivnader til eit nytt miljø. Dette kan vere tilfelle også når foreldreansvaret vert overteke av ein slektning eller andre, seier Sylvia Brustad.

Forslaget frå regjeringa vil føre til endringar i både arbeidmiljølova og folketrygdlova.

Dette framlegget omfattar ikkje situasjonar der foreldreansvaret vert tildelt dei biologiske foreldra til barnet. Det omfattar heller ikkje situasjonar der foreldreansvaret vert tildelt ein person som på det tidspunktet den eine av foreldra døyr, var gift med eller levde saman med vedkommande i eit ekteskapsliknande forhold.

Lovendringa skal etter forslaget berre gjelde for tilfelle som inntrer etter at lova vert sett i kraft.

Lagt inn 18 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen