Historisk arkiv

Barn og ungdom på bana i kommunane?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding
Priv. til red

Nr. 97091
15.08.97

Sylvia Brustad og Halvdan Skard møter ungdom:

Barn og ungdom på bana i kommunane?

Korleis kan medverknaden til dei unge i plan og avgjersleprosessar i kommunane aukast? Korleis kan vi få vise kva dei unge kan bidra med? Dette er nokre av dei mest essensielle spørsmåla som KS-leiar Halvdan Skard og statsråd Sylvia Brustad ønskjer å få svar på i løpet av eit ope møte med ungdomar frå fem kommunar.

Ungdomar og barne- og ungdomsrepresentantar frå kommunane Porsgrunn, Øvre Eiker, Drammen. Klepp og Bydel 5, Grünerløkka/Sofienberg i Oslo er inviterte til det opne møtet. Halvdan Skard og Sylvia Brustad vil også leggje fram ein fersk rapport om erfaringane med barn og unge sin medverknad i kommunane.

Trass i at det er nedfelt i lov- og regelverk at barn og unge sine synspunkt skal kunne verte høyrt i kommunal planlegging, er det under 50 kommunar som i større eller mindre grad praktiserer dette, viser rapporten som er utarbeida av Barne- og familiedepartementet (BFD) og Kommunenes Sentralforbund (KS). Dette bekymrar Sylvia Brustad og Halvdan Skard. Dei har difor invitert to ungdomar og ein vaksen frå fem ulike kommunar til eit ope møte for å fokusere særskilt på barn og ungdom sin medverknad i kommunane og finne ut kva som kan gjerast for å betre situasjonen.

Statsråden og KS-leiaren vil hente inn råd frå dei deltakande ungdomane i debatten. Viktige spørsmål vil vere: Kva område bør og kan barn og ungdom få større moglegheit til å påverke framover.

Stad: Ungdomshuset X-Ray, Maridalsveien 3, Oslo
Dato: Tysdag 19. august
Klokkeslett: 12.00 - 15.00

Pressa vert med dette invitert til å vere til stades under møtet.

Redaksjonen kan få fleire opplysningar ved å ringe informasjonssekretariatet på telefon 22 24 24 07.

Lagt inn 18 august 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen