Historisk arkiv

Endringsforslag til barnehagelova: Kommunalt tilsyn av statlege tilskot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 97028
Dato 14.03.97

Endringsforslag til barnehagelova:

Kommunalt tilsyn av statlege tilskot

Kongen i statsråd har i dag vedteke framlegg om endringar i barnehagelova. Regjeringa foreslår å påleggje kommunane å dele ut statstilskotet til private barnehagar og kontrollere at tilskotet vert brukt i følgje lov og regelverk.

- Dette er ei formalisering av dagens praksis, slår barne- og familieminister Sylvia Brustad fast.

- Konsekvensen av desse endringane vert at tilskotet frå staten vert underlagt dei same forvaltnings- og kontrollrutinane som dei kommunale barnehagane. Dette vil også samsvare meir med barnehagelovas avgjerder som elles ikkje skil mellom kommunale og private barnehagar, seier Sylvia Brustad. Statsråden meiner det er naturleg å stille same krav til private barnehagar som til dei kommunale.

Statsråd Sylvia Brustad peikar på at dette berre er ei naturleg oppfølging av dagens praksis. Endringsforslaget byggjer også på ønske frå kommunar om å avklare om dette er ei kommunal plikt.

Det nye forslaget går ut på å lovfeste kommunane si plikt til å forvalte driftstilskotet frå staten til private barnehagar i kommunen.

- Med omgrepet forvalte meiner vi i denne samanhengen dei arbeidsoppgåvene kommunane utfører i samband med søknad om og utbetaling av statlege tilskot, seier Brustad.

Regjeringa går inn for å lovfeste kommunanes plikt til å ha tilsyn med bruken av dei statlege tilskota i private barnehagar. Samstundes vil regjeringa innføre ein adgang til å klage til fylkesmannen på kommunane sine vedtak i saker som har med tilsyn av statlege tilskot. I tillegg vil regjeringa gi departementet heimel til å lage forskrifter om tilsynet med statens driftstilskot til dei private barnehagane.


linkdoc004005-050001#docOt prp nr 35 (1996-97) Om lov om endringer i lov 5. mai 1995 nr. 19 om barnehager

Lagt inn 14 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen