Historisk arkiv

Førebyggjande innsats: Nordisk barne- og ungdomskonferanse i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 97081
Dato: 11.07.97

Førebyggjande innsats:

Nordisk barne- og ungdomskonferanse i Oslo

Nordisk Ministerråd ønskjer å fokusere meir på barn og unge. I samband med arbeidsprogrammet NORDEN'97 vil Barne- og familiedepartementet arrangere ein nordisk konferanse for å sette søkelyset på barn og ungdom sine initiativ for å redusere kriminalitet, rusmisbruk, vald, mobbing og rasisme. Ungdomen skal sjølv verte ein aktiv deltakar på konferansen.

- Vi vil freiste å koble nyare forsking og kunnskapsinnhenting med erfaringar frå tiltak der unge har teke initiativ og arbeider for å kjempe mot til dømes destruktive gjengdanningar, vald og rusmisbruk. Problemstillingar og utfordringar vil verte fokusert på av inviterte forskarar, politikarar og ungdomsrepresentantar ut frå ulike perspektiv, seier barne- og familieminister Sylvia Brustad. Ho meiner det ligg store moglegheitar i eit nordisk nettverk for styresmaktene, forskarar og ungdom.

- Det er viktig å sleppe dei unge til på fleire arena og gi dei betre høve til å påverke tiltak og politikk, understrekar Brustad.

Regjeringa arbeider for tida med eit utviklingsprogram for førebygging, og statsråden har i denne samanhengen alt gjennomført eit samrådsmøte med representantar frå 33 barne- og ungdomsorganisasjonar. Ho meiner at det er viktig å få fram tankane og ideane som dei unge har om problema og kva forslag til opplegg og tiltak som kan motverke desse uheldige tendensane.

- Eg er også interessert i å høyre om ungdommen sine eigne erfaringar med arbeid på dette feltet. Det er viktig å få kunnskap om kva dei unge meiner dei kan bidra med i dette arbeidet, seier Sylvia Brustad.

Konferansen finn stad på Voksenåsen Hotell i Oslo i dagane 6.- 8. november

Lagt inn 11 juli 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen