Historisk arkiv

Regjeringa i lovframlegg: - Barneombodet skal framleis vere uavhengig

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 97033
21.03.97

Regjeringa i lovframlegg: - Barneombodet skal framleis vere uavhengig

I sitt framlegg til endringar i Lov om barneombod understreker Regjeringa prinsippet om Barneombodets uavhengigheit i forhold til andre instansar. Regjeringa går derfor inn for at Barneombodet ikkje skal påleggjast å måtte samarbeide med sentrale og kommunale etatar.

- Lova bør ikkje innehalde føringar som kan oppfattast som eit forsøk på å avgrense den uavhengige og sjølvstendige stillinga til Barneombodet, sa barne- og familieminister Sylvia Brustad då ho presenterte lovframlegget fredag.

Lovframlegget passerte Kongen i statsråd fredag. Statsråd Brustad understrekar at det er viktig å avklare ansvarsforholdet mellom sentrale og kommunale etatar, og at Barneombodet ikkje er ein del av dette apparatet.

- Regjeringa deler ikkje det såkalla Befring-utvalet sitt syn om at samarbeidet med andre instansar bør verte formalisert ved lov. Vi meiner det er viktig at Barneombodet samarbeider med ulike instansar som krysser arbeidsfeltet til ombodet. I mange saker føregår det allereie eit slikt samarbeid mellom Barneombodet og ei rad instansar, organisasjonar og etatar utan at dette er lovfesta. Det vil og vere nødvendig for Barneombodet å nytte seg av lokale kjelder for å hente informasjon i mange saker, seier Sylvia Brustad.

Regjeringa foreslår elles at det ikkje lenger skal være lovfesta at Barneombodet kan oppnemne eit rådgivande organ for verksemda si. Årsaka til dette er at det i praksis ikkje har vore behov for eit slikt rådgivande organ.

Regjeringa går derimot inn for å lovfeste at Barneombodet skal sjå etter at barns rettar i følgje lovverket vert følgt. Dette omfattar også å følgje opp FN sin barnekonvensjon.

I linkdoc004005-050002#docproposisjonen som no vert lagt fram for Stortinget er det også gitt eit samandrag av Befring-utvalets utreiing, og utvalets viktigaste vurderingar og konklusjonar.


linkdoc004005-050002#docOt prp nr 40 (1996-97) Om lov om endringer i lov 6. mars 1981 nr 5 om barneombud

Lagt inn 21 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen