Historisk arkiv

Stabilt i barnevernet: 20.500 meldingar i 1996

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 97030
20.03.97

Stabilt i barnevernet: 20.500 meldingar i 1996

Barnevernet får framleis mange meldingar. Frå 1995 til utgangen av 1996 auka talet med om lag 500 til 20.500, viser tal frå fylkesmennene.Barnevernet undersøkte 85 prosent av meldingane.

Barne- og familieminister Sylvia Brustad er bekymra over at over 10 prosent av sakene ikkje vert undersøkt innafor den tidsfristen lova set.

- Overskridingane i meldingssaker auka riktignok litt i siste kvartal i fjor, men situasjonen for 1996 sett under eitt er positiv. Vi ser også ein synkande og positiv tendens når det gjeld saker som er i det vi kallar undersøkingsfasen, seier Brustad.

Trass i ein stabil og nokså positiv utvikling meiner statsråden at det framleis er nødvendig å følgje opp kommunane sitt arbeid på dette området framover.

- Vi må sikre at tidsfristane vert haldne slik at barna får rett hjelp til rett tid, seier statsråden.

Rett hjelp

Regjeringa legg vekt på at så mange barn som råd er, skal få hjelp medan dei bur heime med foreldra sine. Og det ser også ut til å lukkast, av di talet på barn som får hjelp av barnevernet medan foreldra har omsorga er stabilt. Dette skjer samstundes som talet på barn under omsorg minkar.

Hjelpetiltak og omsorgsplasseringar:

4/954/96
I hjelpetiltak17.38917.328
- i fosterheim632733
- i institusjon377474
Omsorg (Fosterheim, inst.)5.0184.910

Kompetanseutvikling

Regjeringa legg vekt på å auke kompetansenivået til dei tilsette i barnevernet. Meldingane frå fylkesmennene viser at til saman 2.600 tilsette i kommunane og fylkeskommunane gjennomførde etterutdanning i 1996, 340 tok vidareutdanning og 220 gjennomgjekk leiaropplæring.

Lagt inn 20 mars 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen