Historisk arkiv

Under 50 kommunar let barn og unge kome til orde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 97093
19.08.97

Barns og unges medverknad:

Under 50 kommunar let barn og unge kome til orde

Trass i at regjeringa alt i 1989 påla kommunane at barn og unge skal kunne påverke saker som vedgår dei i kommunane, er det under 50 kommunar som praktiserer dette. Dette bekymrar leiinga både i Barne- og familiedepartementet (BFD) og Kommunenes Sentralforbund (KS).

Barnas kommunemøte, felles elevråd, barne- og ungdomsråd og barn og unges medverknad stod i fokus då KS-leiar Halvdan Skard og barne- og familieminister Sylvia Brustad inviterte 10 ungdomar til eit ope møte om dei unges moglegheitar til å påverke plan- og reguleringssaker i kommune-Noreg i Oslo i dag.

Barn og unge sine rettar for å påverke lokalmiljøet sitt er mellom anna stadfesta i FN sin barnekonvensjon, likevel manglar det ein del på at kommunane tek dette nok seriøst.

- Som vaksne har vi eit særskilt ansvar for å sikre at barn og unge får påverke sin eigen situasjon. Skal vi få meir kunnskap om dette, er det nødvendig å lytte til barna sine synspunkt, bruke dei i utforminga av tiltak og politikk. Barn har viktige meiningar, konkluderte Halvdan Skard, leiar av KS, i 1993. Desse orda vart grunnlaget for rapporten «Fra barnetråkk til ungdomsting».

Halvdan Skard og statsråd Sylvia Brustad presenterte resultat frå rapporten på det opne møtet dei hadde med ungdomsrepresentantar om barn og unges medverknad.

- Barn sit inne med røynsler og innsikt som dei vaksne ikkje har. Det er lettare å føre ein meir riktig barne- og ungdomspolitikk når ein brukar dei unge som informatørar og medspelarar, peika Brustad på under opninga av møtet.

Halvdan Skard oppsummerte sine inntrykk slik:

- Framleis tek ikkje kommunane nok omsyn til barn og unge sine behov og interesser i kommunal planlegging og utforming av tiltak. Dei får delta i for liten grad i planlegginga og utforminga av eigen kvardag. Dette gjeld både i skulen, fritida og nærmiljøet deira. Barn og unge sine perspektiv og kunnskap er for lite med som premissar i kommunane sine avgjersler og planar.

Både Brustad og Skard er samde i at meir medverknad vil kunne lære dei unge opp i demokratiske spelereglar og prosessar. Dei ventar at kommunane legg tilhøva meir til rette for at dei unge i større grad får ta del i planlegging og tiltaksutforming i kommunane.

Lagt inn 19 august 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen