Historisk arkiv

Ungdomstiltak i Bergen: Fleire ungdomskroner til Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 97082
Dato: 11.07.97

Ungdomstiltak i Bergen:

Fleire ungdomskroner til Bergen

Tre nye ungdomstiltak i Bergen får til saman 770 000 kroner i støtte frå Barne- og familiedepartementet.

- Desse tiltaka vil ha ein førebyggjande effekt i bydelane, og eg ventar at dei også vil ha overføringsverdi til andre kommunar og bydelar, seier barne- og familieminister Sylvia Brustad.

Bergen er ein av ni kommunar i Noreg som får nyte godt av statens storbysatsing. Det vil seie at desse kommunane får ekstra tilskot for å gjere dagleglivet enklare for barn og unge. Tidlegare i år har Bergen fått nesten fire millionar kroner.

Dei nye tiltaka i Bergen som får støtte i denne omgang er:

Ungdomstiltak i Fana får 400 000 kroner. Intensjonen med tiltaket er å hindre at det vert utvikla problembelasta ungdomsmiljø i samband med at bydelen står føre ein kraftig auke i ungdomsgruppa. Arbeidet vil skje som eit samarbeid mellom offentlege etatar, foreldre og frivillige organisasjonar.

FREM-LØV Tiltak for framandspråklege barn og ungdom i Løvstakken får 300 000 kroner for å etablere tiltak for ungdom med innvandrarbakgrunn. Tiltaket rettar seg mot elevar i 4.-9. klasse, og verkemiddel vil til dømes vere leksehjelp og laurdagsaktivitetar

INNVANDRARPROSJEKT i Mathopen, Loddefjord bydel vert tildelt 70 000 til eit tverretatleg samarbeid mot rasisme i bydelen. Målet er å hindre nyrekruttering til eit rasistisk miljø på Mathopen.

Priv. til red.

Fleire opplysningar om tiltaka i Bergen kan fåast ved å kontakte Rådmannskontoret i Bergen på telefon 55 56 60 45

Lagt inn 11 juli 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen