Historisk arkiv

Betre tryggleik for fiskarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 45/96
8. oktober 1996

Betre tryggleik for fiskarane

-Nøkkelorda i arbeidet for auka tryggleik for fiskarar er førebygging, utstyr og kunnskap. Dette ligg til grunn for styresmaktene sitt kontinuerlege arbeid for å auke tryggleiken for fiskarane og for andre sjøfarande, sa fiskeriminister Jan Henry T. Olsen då han tysdag svara på ein interpellasjon i Stortinget frå stortingsrepresentant Bjørg Hope Galtung.

-Nær 20.000 fiskarar har no gjennomgått tryggingskurs, og dette har auka kunnskapane vesentleg. Det er etablert trafikksentralar på Fedje og i Grenland. Ein trafikksentral for Oslofjorden er under bygging og Regjeringa går inn for å bygge ein ny trafikksental på Kvitsøy i Rogaland. Plasseringa av redningshelikopter på Svalbard og på Vigra er eit svært stort framsteg, og det skjer eit kontinuerleg arbeid for å utbetre skipsleier og sikre betre navigasjon, sa fiskeriministeren.

I Reform 94 er det tilbod til ungdom som vil bli fiskarar og dei får høve til å ta fagbrev. Det er lagd tryggleiksopplæring inn i vidaregåande kurs. For dei aktive fiskarane som ikkje har hatt slik opplæring har det sidan 1982 vore drive tryggingskurs, og Stortinget har løyvd 142,5 millionar kroner til dette. I 1989 vart det vedteke at alle som arbeider ombord i fiskefarty skal gjennomgå slike tryggingskurs, og fiskarane skal minst kvart åttande år ha eit 20 timars repetisjonskurs. Opplæringa vert no vurdert av MARINTEK, og tysdag sat styringsgruppa saman for å legge siste hand på rapportutkastet.

Sjøfartsdirektoratet har kontakt med dei internasjonale tryggingsorgana, og planlegg fleire tiltak for å betre tryggleiken for fiskarar. Informasjonen overfor fiskarane vert vidareførd, det er framlegg om å innføre alarm på brua for alle fiskefarty som nyttar sjølvstyring og det skal lagast ei handbok i tryggleik med sjekkliste. Skjerpa utdanningskrav for skipsførarar vert drøfta. Vidare vil samanhengen mellom bruvakt, lang arbeidstid og ulukker i fiskeflåten bli kartlagd. Sjøfartsdirektoratet driv eit kontinuerleg arbeid med tiltak for å oppdatere og forenkle regelverket. Norges Fiskarlag og dei andre faglege organisasjonane i fiskerinæringa er viktige samarbeidspartnarar når det gjeld tryggleik for fiskarar, og det er oppretta eit sakkunnig råd knytt til fiskeflåten.

Fiskeridepartementet og Kystverket arbeider med losteneste og trafikksentralar, oppmerkinga av farvatna langs norskekysten og hjelpemiddel for navigering og system for varsling av farar. Trygg framkomst i farvatna vert vurdert kontinuerleg, og ei stadig meir føremålstenleg oppmerking av farvatna gjer det tryggare å ferdast der. For 1997 gjer Regjeringa framlegg om å løyve 172 millionar kroner til dette. Skipsleia vert stadig tryggare ved å mudre vanskelege parti. Det er i år etablert ny lei gjennom Bognestraumen og Regjeringa går i statsbudsjettet inn for løyvingar til utdjuping av både Risøyrenna og Tjeldsundet.

Kystverket arbeider med tiltak i farvatna og oppmerking med fyrlykter, stakar og bøyer og dei landbaserte radarfyra og maritime radiofyra. Forsvarets tele- og datateneste deltek med drifta av dei landbaserte Decca og Loran-C radionavigasjonssystema, og Loran-C vil avløyse Decca-systemet. Satelittnavigasjonssystemet GPS vil kunne gje brukarane meir nøyaktig og sikker posisjon under alle vertilhøve døgnet rundt. Ein stor del av pengane til drifta av Redningsselskapet kjem frå statsbudsjettet, og Regjeringa har for nokre få dagar sidan forhandla ferdig ei avtale mellom Redningselskapet og Staten, som vert lagd fram for Stortinget. Innan redningstenesta skal tilskotet dekke ein del av utgiftene med søk- og redningsaksjonar.

Sjøkarta blir oppdaterte etter kvart som nye sjømålingar er fullførde. For tida vert det gjeve ut to nye kartblad kvart år. Målinga gjev datagrunnlag for elektroniske kart, og det har kome i stand ein «elektronisk sjøveg» mellom Bergen og Trondheim der ein kombinasjon av elektroniske sjøkart og moderne satelittbaserte navigasjonssystem gir grunnlag for tryggare segling. Arbeidet med elektroniske sjøkart vil halde fram.

Naud- og tryggingsteneste er ein del av kystradiotenesta, og Noreg er internasjonalt forplikta til å halde radiodekning i norske kystområde og i dei nære havområda. Kystradiostasjonane har viktige oppgåver i å halde lyttevakt på naudfrekvensane, å få i stand samband med dei som er i naud, å alarmere hovudredningssentralane og å kringkaste meldingar som har verdi for trygg ferdsel. Regjeringa legg vekt på at sambandet skal halde minst same nivå som no, og effektivisering av tenesta skal ikkje redusere tryggleiken. Dei sjøfarande har i dag tilgang på tre typar vervarsel. To av dei er kringkasta av NRK, eitt vert sendt ut over kystradiostasjonane.

Regjeringa har dei seinare åra fleire gonger vurdert å betre beredskapen for utrykking med redningshelikopter og dermed auke tryggleiken for fiskarane. Justisdepartementet har sett ned eit breidt utval for å vurdere den framtidige helikopterberedskapen generelt, og det er ein føresetnad at helikopterberedskapen i Oslofjorden vert permanent styrka.

Jan Henry T. Olsen viste også til at viktige delar av ansvaret for tryggleiken ligg hos skipsreiaren og skipperen. Reiaren skal sørgje for at skipet har dei sertifikat og andre dokument som sjøfartsstyresmaktene krev, og skipperen sitt ansvar er at skipet er sjødyktig, har passande rutiner for tryggleik og at mannskapet er øvd. Norges Fiskarlag har, med støtte frå mellom anna Sjøfartsdirektoratet og Fiskeridepartementet, fått MARINTEK i Trondheim til å lage eit forprosjekt om tryggingstiltak i fiskeflåten. Styringsgruppa meiner at målet må vere å redusere risikoen for dødsulukker og personskadar med 50 prosent dei komande ti åra. Rapporten inneheld 18 forslag som gjev gode haldepunkt for styresmaktene sitt vidare arbeid og prioritering.

-Ulukker må førebyggast så langt det er muleg, og fiskarane og andre sjøfarande må ha utstyr og kunnskapar for å berge seg dersom ei ulukke likevel skjer, sa fiskeriministeren.

Kontaktperson
Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig 22 24 64 37

Lagt inn 9 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen