Historisk arkiv

Budsjettframlegg for Fiskeridepartementet for 1997: Havbruksforskning, næringsutvikling og hamneinvesteringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgjevar: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr.42\96, 04.10.96

Budsjettframlegg for Fiskeridepartementet for 1997:

HAVBRUKSFORSKING, NÆRINGSUTVIKLING OG HAMNEINVESTERINGAR

Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett for Fiskeridepartementet for 1997 med 1.718, 9 millionar kroner i utgifter og 471,5 millionar i inntekter. Samanlikna med vedteke budsjett for 1996 inneber forslaget for 1997 ein auke i utgiftssida på om lag 1, 75 prosent. Ein eventuell stønad gjennom Fiskeriavtalen mellom staten og Norges Fiskarlag er då ikkje rekna med.

Det overordna målet for Regjeringa sin fiskeripolitikk er å leggje grunnlaget for ei biologisk og økonomisk berekraftig fiskerinæring. Vern av ressursane i havet er grunnleggjande i denne samanheng. Fiskeri- og havbruksnæringa er ei av dei største eksportnæringane i Noreg med ein eksportverdi på vel 20 milliardar kroner i 1995. Næringa har eit stort potensiale for auka verdiskaping og vil etter alt å døme få meir å seie for samfunnet i åra som kjem.

Ein lønsam fiskeindustri og tilpassa flåtestruktur er ein viktig føresetnad for å kunne auke verdiskapinga i fiskerinæringa og sikre arbeidsplassar og busetjing. I budsjettframlegget for 1997 vil Regjeringa vidareføre innsatsen for å styrkje fiskeindustrien og fremje fornyinga av flåten.

Regjeringa vil framleis leggje stor vekt på ressursforvalting og -kontroll, ved mellom anna å føre vidare og styrkje bilaterale og internasjonale forvaltingsregime med spesiell vekt på ressurssituasjonen i Nordsjøen. Fiskeridepartementet vil også halde fram arbeidet med å utvikle kontroll-samarbeidsavtalar med andre land. Noreg har i dag slike avtalar med viktige kyststatar som til dømes Russland, Skottland og Irland. Målet med avtalane er å styrkje kontrollen med fisket og sikre ei forsvarleg ressursforvalting.

Det vert lagt opp til ei reell styrking av innsatsen retta mot forsking og utvikling over Fiskeridepartementet sitt budsjett i 1997, med hovudvekt på næringsutvikling innan nye marine artar i oppdrett, grunnleggjande havbruksforsking og marknadsforsking. Regjeringa har i 1996 etablert eit nytt fireårig program for næringsutvikling av marine artar i oppdrett (NUMARIO). Dette programmet vert foreslått styrka i 1997.

Regjeringa vil arbeide vidare med å styrkje stilllinga til sjøtransporten innan norsk samferdsel. I budsjettframlegget for 1997 vert det lagt spesiell vekt på investeringar i fiskerihamner og byggjestart for ein trafikksentral i Rogaland. Saman med trafikksentralen som alt er etablert på Fedje, vil ein trafikksentral i Rogaland medverke til større tryggleik for sjøtrafikk og miljø langs store delar av Vestlandskysten.

Fornying av fiskeflåten

På grunn av god tilgang på ressursar har interessa for nybygging i fiskeflåten auka kraftig. I

budsjettet for 1996 var det sett av 34,5 millionar kroner til fornying av fiskeflåten, (kontraheringsstøtte). Denne vart auka til 65 millionar kroner i samband med revidert stats- og nasjonalbudsjett 1996, samtidig som det vart løyvd 10 millionar kroner til investeringar i større kystfarty i Finnmark. Dette vil kunne utløyse nybygg og større ombyggingar i fiskeflåten i Noreg på over 700 millionar kroner i år.

- For å imøtekome behovet for auka fornying innan delar av flåten også neste år, ønskjer Regjeringa å vidareføre tiltaka på same høge nivå som i 1996. Det vert derfor gjort framlegg om ein samla generell støtte til fornying av fiskeflåten i 1997 på 65 millionar kroner og 10 millionar kroner til investeringar i større kystfarty i Finnmark. Dette vil seie nær ei dobling av desse tiltaka i forhold til budsjettframlegget i 1996, seier fiskeriminister Jan Henry T. Olsen.

Fiskeindustrien

Eit tre-årig tiltaksprogram for fiskeindustrien vart starta i 1995 gjennom Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) sitt verkemiddelapparat og har i 1996 etter påplussingar i revidert stats- og nasjonalbudsjett, ei ramme på 60 millionar kroner der 10 millionar kroner er øyremerkte industrien i Finnmark. Eit prioritert område for Regjeringa i 1997 er å medverke til ein nødvendig omstillingsprosess i fiskeindustrien slik at fisk og fiskeprodukt svarer til krava frå marknaden. Regjeringa legg derfor opp til at det tre-årige tiltaksprogrammet vert vidareført i 1997 på om lag same nivå som i 1996.

- Trass i god tilgang på råstoff, har det oppstått problem for fiskeindustrien det siste året, spesielt i Finnmark. I motsetnad til den situasjonen ein hadde på slutten av 80-talet med ressurssvikt som årsak til svak inntening, er den vanskelege situasjonen no knytt til svikt i marknaden. Regjeringa meiner det er nødvendig med ein langsiktig prosess for å endre bedriftene si orientering frå kvantumstilpassa produksjon til større grad av kontinuerleg produktutvikling, for på den måten å sikre lønsemd og sysselsetjing, seier fiskeriminister Jan Henry T. Olsen.

Satsing på havbruksforsking og nye oppdrettsartar

Regjeringa legg opp til ein styrka innsats på forsking og utvikling over Fiskeridepartementet sitt budsjett med om lag 15 millionar kroner. Samla er denne posten på 588 millionar kroner i budsjettframlegget for 1997, inkludert oppdragsforsking. Fiskeridepartementet si satsing dekkjer både forvaltingsretta og næringsretta forsking. Forvaltingsretta forsking og overvaking på fiskerisida utgjer eit sentralt grunnlag for den nasjonale og internasjonale rådgjevinga om utnytting av fiskebestandane. Fiskeridepartementet vil derfor i 1997 vidareføre innsatsen på dette området.

Fiskeridepartementet vil det komande året styrkje både den grunnleggjande og næringsretta havbruksforskinga i tråd med Havbruksmeldinga (St. melding nr. 48 1994 -95). Det er foreslått å øyremerkje om lag 5 millionar kroner i tilleggsmidlar på budsjettet til Havforskingsinstituttet til mellom anna grunnleggjande havbruksforsking.

Sentralt står også forsking knytt til næringsutvikling av nye artar i oppdrett. For dei prioriterte artane kveite, skjel og steinbit, vil innsatsen verte styrka gjennom Regjeringa sitt nye fireårige program for næringsutvikling av marine artar i oppdrett (NUMARIO). Det vert gjort framlegg om ei løyving på 10 millionar kroner til dette programmet i 1997.

Forskingsmidlane vert fordelte på følgjande måte:

  • Noregs forskingsråd 176,9 millionar kroner- ein auke på 5,4 millionar kroner i høve til budsjett for 1996.
  • Havforskingsinstituttet 249,1 millionar kroner, inkludert 96 millonar i oppdragsverksemd - ein auke på 40,2 millionar kroner i høve til budsjett i 1996, der 23 millionar representerer oppdragsverksemd.
  • Norsk institutt for fiskeri- og havbruksforsking AS (Fiskeriforsking) 13,5 millionar kroner. Sidan delar av tilskotet ikkje lenger er øyremerkt, representerer dette ein auke i høve til budsjett 1996.
  • Fiskeridirektoratets ernæringsinstitutt 17,6 millonar kroner inkludert oppdragsverksemd -ein auke på om lag 1 million kroner i høve til budsjett 1996.
  • Tilskot til utviklingstiltak 27, 3 millionar kroner, ein auke på 8,3 millionar kroner i høve til 1996. Av dette går 10 millionar til program for næringsutvikling av marine artar i oppdrett (NUMARIO).
  • Program for utvikling og stimulering av havbeite (PUSH) 8 millionar kroner, ein reduksjon på 3,4 millionar kroner i høve til 1996.

Kystforvalting

Regjeringa går inn for å etablere ein trafikksentral på Kvitsøy i Rogaland og foreslår 4,9 millionar kroner over Fiskeridepartementet sitt budsjett og 1,5 millionar kroner over budsjettet til Administrasjonsdepartementet for å starte arbeidet med bygg og tekniske installasjonar i 1997. Til grunn for dette ligg konklusjonane i to rapportar utarbeidde på oppdrag frå styresmaktene: «Miljøsikkerhet i innseilingsledene» overlevert i mai 1990 og «Miljøsikkerhet i farledene» overlevert i mars 1993. På grunn av stor sjøtrafikk i Rogalandsområdet er konklusjonen at det bør etablerast ein trafikksentral i Rogaland for betre å tryggje sjøtrafikken generelt og motverke miljøulykker langs kysten. Saman med trafikksentralen på Fedje i Hordaland, vil tryggleiken no verte betre for større delar av Vestlandskysten.

Med byggjestart i 1997 skal trafikksentralen i Rogaland vere operativ i år 2000.

Regjeringa foreslår å løyve 143,5 millionar kroner til hamnetenesta i 1997. Ei prioritert oppgåve er hamneinvesteringar med spesiell vekt på fiskerihamner.

Når det gjeld større utbetringar av farleier, vert det m.a. foreslått at arbeidet i Tjeldsundet i Nordland vert vidareført og at det vert sett i gang arbeid i Risøyrenna mellom Andøya og Hinnøya i Nordland.


Adresse: Grubbegt. 8, Postboks 8118 Dep., 0032 OSLO

Pressekontaktar:

Generell info.:Rådgjevar Torun Reite,tlf. 22 24 64 27
Havbruk:Førstekonsulent Rune Bildeng,tlf. 22 24 64 75
Forsking :Underdirektør Magnhild Bjørseth,tlf. 22 24 64 30
Rådgjevar Tone Aasen,tlf. 22 24 64 39
Industri:Rådgjevar Astrid Holtan,tlf. 22 24 64 65
Flåte/ressurs:Avdelingsdirektør Torstein Hansen,tlf. 22 24 64 55
Kystforvalting:Rådgjevar Inger-Lise Sogstad,tlf. 22 24 64 28

Sjå eiga pressemelding frå Fiskeridepartementet om forslag til satsing på hamner og farleier.
Sjå eiga pressemelding frå Fiskeridepartementet om forslag til omorganisering av fiskeriadministrasjonens ytre etatar.

Lagt inn i okt 4, 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen