Historisk arkiv

Peter Gullestad ny fiskeridirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Fiskeridepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Fiskeridepartementet


NR. 32/96, 19. juli 1996

Peter Gullestad ny fiskeridirektør

Peter Gullestad er i statsråd tilsett som ny fiskeridirektør frå 1. oktober 1996 for ein åremålsperiode på seks år.

Peter Gullestad er fødd i 1948 og har sosialøkonomisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo. Han kom til Fiskeridirektoratet i 1977 som sakshandsamar, og hadde i 1983-84 permisjon for å arbeide i eit engasjement som planleggingskonsulent i Noregs Fiskeriforskingsråd. Frå 1984 var han kontorsjef ved Kontoret for utgreiing og statistikk i Fiskeridirektoratet, og i 1990 vart han tilsett som avdelingsdirektør for Fiskeriøkonomisk avdeling. Sidan mai 1995 har Gullestad vore konstituert som assisterande fiskeridirektør.


Lagt inn 19 juli 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen