Historisk arkiv

Regjeringa vil ha system for bølgjevarsling ved Stad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgjevar: Fiskeridepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Fiskeridepartementet


NR. 18/96, 10. mai 1996

Regjeringa vil ha system for bølgjevarsling ved Stad

Regjeringa seier nei til bygging av skipstunnel gjennom Stadlandet, og finn difor heller ikkje grunn til å gje statleg stønad til vidare prosjektering slik fylkeskommunar på Vestlandet har søkt om. Derimot går Regjeringa i revidert nasjonalbudsjett inn for å løyve 4 millionar kroner til vidareutvikling og iverksetting av eit bølgjevarslingsystem ved Stad. Det er venta at systemet kan bli sett i drift ein gong til hausten.

Farvatnet ved Stad er rekna som eit av dei meir utsette på norskekysten. På denne bakgrunn har det kome framlegg om å bygge ein 1900 meter lang skipstunnel gjennom Stadlandet. Eit avgrensa forprosjekt viser ikkje markert større nytte av ein tunnel enn det som tidlegare har vore berekna, og kostnadane vil heller ikkje kunne reduserast i vesentleg grad. Regjeringa er samd i at ein skipstunnel kan gje auka tryggleik for mindre farty, men kostnadane med ein tunnel må vegast opp mot alternativ bruk av midlar til generell utbetring av farleier langs kysten og alternative måtar å betre tryggleiken på utanfor Stad.

For å betre tryggleiken for skipstrafikken generelt, og spesielt i utsette område, er det ved SINTEF utarbeidd eit sjøvarslingsprosjekt som går ut på å varsle sjøtrafikken om kvar det kan oppstå bølgjer som kan vere farlege for skip, slik at ein kan unngå ekstreme påkjenningar som visse bølgjeforhold skaper. Arbeidet er kome så langt at det er muleg å gje både bølgjevarsel og tilråding om seglingskorridorar over utsette område.


Kontaktperson

Informasjonskonsulent Edel Hildre, tlf. 22 24 64 07


Lagt inn 10 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen