Historisk arkiv

Regulering av seifisket i sør i 1997

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 77/96
23. desember 1996

Regulering av seifisket i sør i 1997

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62. graden for 1997. Norske fiskarar kan fange 54.800 tonn. det er ein liten auke frå 1996. Av kvoten kan inntil 45.000 tonn fiskast i EU-sona.

Notfartøy kan fiske 7.000 tonn, konvensjonelle fartøy 9.000 tonn og fartøy med torske-, nordsjø- eller seitrålløyve 38.800 tonn. Av trålkvoten må 35 prosent fangast etter 15. august.

Kvart fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap kan maksimalt ta 400 tonn. Kvar trålar kan maksimalt ta 1.000 tonn.

Fiskeridirektøren kan stogge fisket for konvensjonelle fartøy over 28 meter når det står att 1.400 tonn av gruppekvoten.

Kontaktperson: Rådgjevar Johan Williams 22 24 64 49

Lagt inn 23 desember av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen