Historisk arkiv

Trålfisket etter torsk og hyse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Fiskeridepartementet

Pressemelding

Nr. 76/96
23. desember 1996

Trålfisket etter torsk og hyse

Fiskeridepartementet har fastsett regulering av trålfisket etter torsk og hyse nord for 62. graden i 1997. Trålarane kan fiske 131.670 tonn torsk og 42.510 tonn hyse i 1997. For begge fiskeslag er dette ein auke på over 20 prosent frå 1996.

Store trålarar kan fiske inntil 1439 tonn torsk og 746 tonn hyse rund vekt. Småtrålarar under 60 BRT og 21 meters lengde kan fiske inntil 331 tonn torsk og 172 tonn hyse. Fartøy mellom 60 og 250 BRT og mellom 21 og 34 meters lengde kan fiske inntil 504 tonn torsk og 261 tonn hyse.

Det er avsett 1.500 tonn torsk og 750 tonn hyse til dekning av bifangst for fartøy med seitrålløyve.

Det er påskestogg i trålfisket etter torsk og hyse frå onsdag 26. mars kl. 17.00 til tysdag 1. april kl.10.00.

Kontaktperson: Rådgjevar Johan Williams 22 24 64 49

Lagt inn 23 desember av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen