Historisk arkiv

Lovutval skal greie ut organiseringa av børsen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Finans- og tolldepartementet

Pressemelding

17. desember 1996

Lovutval skal greie ut organiseringa av børsen

Det skal setjast ned eit lovutval som skal greie ut ulike modellar for å organisere børsverksemd i Noreg. Advokat Marius Ryel, Oslo skal vere leiar.

Noko av bakgrunnen er forventningar om auka konkurranse i åra framover. Det er Oslo Børs som har kome med forslag om ein slik utgreiing.

Utvalet skal vurdere kva for oppgåver ein børs bør ha, mellom anna i kva for grad børsen skal ha forvaltningsmynde. Utvalet skal og vurdere korleis det skal førast tilsyn med børsen si verksemd. Det skal og takast omsyn til kva tilhøva internasjonalt i børs og verdipapirmarknadene har å seie for børsen.

Med i utvalet vert det representantar frå Kredittilsynet, Oslo Børs, Norsk Opsjonssentral AS, Norges Fondsmeglerforbund, Aksjespareforeningen/Verdipapirfondenes forening,

Den norske Bankforening/Sparebankforeningen i Norge/Forsikringsforbundet, Næringslivets Hovedorganisasjon/Rederiforbudnet, Landsorganisasjonen i Norge, Næringsdepartementet og Finansdepartementet.

Utgreiinga vert venteleg avslutta vinteren 1998.

Lagt inn 17 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen