Historisk arkiv

Utfyllande reglar til nytt skattesystem for reiarlag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Finans- og tolldepartementet

Pressemelding

25. oktober 1996

Utfyllande reglar til nytt skattesystem for reiarlag

Regjeringa Brundtland la i dag fram lovforslag om utfyllande og presiserande reglar for det nye skattesystemet for reiarlag. Det vert foreslått at endringane trer i kraft med verknad for inntektsåret 1996.

Regjeringa fylgjer med dette opp Stortingets vedtak om eit nytt skattesystem for reiarlag. Stortinget har vedtatt at overskottet skal vera skattefritt inntil det vert delt ut som utbytte til aksjonærane.

Regjeringa foreslår at den maksimale avskrivingssatsen for skip vert redusert frå 20 prosent til 14 prosent. Dette vil bety noko for skip utanfor den særskilte skatteordninga.

Vedtaket om nytt skattesystem for reiarlag er basert på forslag frå finanskomiteen sine medlemmer frå Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen. Då Regjeringa sitt opprinnelege lovforslag i Ot prp nr 81 (1995-96) vart handsama i juni, vart berre einskilde hovudprinssipp tatt inn i skattelovene. Stortinget ba Regjeringa leggja fram forslag til utfyllande reglar etter nærmare retningsliner.

Finansdepartementets arbeid har avdekka eit stort behov for utfyllande og presiserande reglar, også på punkt som Stortinget ikkje omtalar i sine retningsliner.

Forslaget om redusert avskrivingssats gjeld ikkje fiske- og fansgstfartøy. Fiskefatøy er heller ikkje omfatta av det nye skattesystemet for reiarlag.

Lagt inn 25 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen