Historisk arkiv

Utgreiinga vert overlevert finansministeren i morgon.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Finans- og tolldepartementet

Pressemelding
Priv til red.

23. september 1997

Utval har greia ut metodar for kostnads- og nytteanalyser i offentleg sektor:

Utgreiinga vert overlevert finansministeren i morgon.

Korleis skal ein rekne ut dei reelle kostnadene ved innføring av større, offentlege reformer og prosjekter? I kva for grad kan ein få fram tal for kva som lønar seg for samfunnet? Korleis skal ein verdsetje til dømes miljøgoder, tid og ulukkesrisiko? Drøfting av ulike metodar for å gje svar på slike spørsmål er nokre tema i ei offentleg utgreiing som i morgon vert overlevert finansminister Jens Stoltenberg.

Leiaren i utvalet, professor Arild Hervik, overleverer utgreiinga i Finansdepartementet, Akersgt. 40 i morgon onsdag 24. september, klokka 11.30.

Utvalet har tidlegare greia ut kostnadene ved mellom anna Reform 94 og skulestart for seksåringane.

Lagt inn 23 september 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen