Historisk arkiv

2,1 mill. kroner til Giske vassverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Kommunal- og arbeidsdepartementet

Pressemelding

20.12.96

2,1 mill. kroner til Giske vassverk

Kommunal- og arbeidsdepartementet har gitt tilsegn om eit tilskot på inntil kr. 2,1 mill. kroner til bygging av vassbehandlingsanlegg ved Giske vassverk. Dei planlagde investeringane på tilsaman 8,6 mill. kroner som vert støtta ved dei nemnde tilsegna, vil gi omlag 6000 personar vatn som tilfredsstiller drikkevassforskriften. Det er og ein del næringsverksemd innanfor forsyningsområdet til vassverket.

  • Vi har lagt vekt på at Giske kommune har eit sterkt behov for å oppgradere vassforsyninga både med omsyn til vasskvalitet og tryggleik i vassleveransen. Ikkje minst er dette nødvendig av omsyn til fiskeforedlingsverksemdene i kommunen, som er heilt avhengig av ei kvalitetsforbetring av drikkevatnet, seier kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth.
Lagt inn 20 desember 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen